Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Produksjonstal for april 2019

22.05.2019 Førebels produksjonstal i april 2019 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 729 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 24 000 fat per dag samanlikna med mars. Til saman blei det selt 10,2 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,6 GSm3 lågare enn månaden før.

Væskeproduksjonen i april fordeler seg slik: 1 380 000 fat olje, 320 000 fat NGL og 29 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen er 0,6 prosent under OD sin prognose for april og 1,7 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2019. 

Dei viktigaste årsakene til at produksjonen i april er lågare enn venta er tekniske problem på nokre felt.

Produksjon april 2019

 

Oljeproduksjon 2019

April-2.jpg

 

Væskeproduksjon 2019

April-3.jpg

 

Gassproduksjon 2019

 

April4e.jpg

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2019 er om lag 75,8 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 26,8 MSm3 o.e olje, om lag 6,8 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 42,2 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 3,1 MSm3 o.e. lågare enn i 2018. 

 

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77

Oppdatert: 11.06.2019

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77