Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Produksjonstal for august 2019

24.09.2019 Førebels produksjonstal i august 2019 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 647 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 67 000 fat per dag samanlikna med juli.

Til saman blei det selt 8,2 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 1,4 GSm3 lågarer enn månaden før.

Væskeproduksjonen i august fordeler seg slik: 1 353 000 fat olje, 267 000 fat NGL og 27 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen er 3,9 prosent under OD sin prognose for august og 3,7 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2019.

Dei viktigaste årsakene til at produksjonen i august er lågare enn venta er tekniske problem og revisjonsstans på nokre felt.

Produksjon august 2019

Tabell som viser produksjon av olje og gass for august 2019

 

Oljeproduksjon 2019

Søylediagram som viser oljeproduksjon fra januar til dags dato 2019

Væskeproduksjon 2019

Søylediagram som viser væskeproduksjon fra januar til dags dato 2019

 

Gassproduksjon 2019

Søylediagram som viser gassproduksjon fra januar til dags dato 2019

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2019 er om lag 143,7 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 51,4 MSm3 o.e olje, om lag 13,3 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 79,1 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 10,5 MSm3 o.e. lågare enn i 2018.

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77

Oppdatert: 24.09.2019

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77