Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Produksjonstal for juni 2019

12.07.2019 Førebels produksjonstal i juni 2019 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 409 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 184 000 fat per dag samanlikna med mai.

Til saman blei det selt 9,4 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,3 GSm3 lågare enn månaden før.

Væskeproduksjonen i juni fordeler seg slik: 1 067 000 fat olje, 315 000 fat NGL og 28 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen er 10 prosent under OD sin prognose for juni og 3,4 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2019.

Dei viktigaste årsakene til at produksjonen i juni er lågare enn venta er tekniske problem og revisjonsstans på nokre felt. 

Produksjon juni 2019

Juni-1.jpg

 

Oljeproduksjon 2019

Juni-2.jpg

 

Væskeproduksjon 2019

Juni-3.jpg

 

Gassproduksjon 2019

Juni-4.jpg

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2019 er om lag 109,6 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 38,1 MSm3 o.e olje, om lag 10,1 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 61,4 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 5,0 MSm3 o.e. lågare enn i 2018.

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77

Oppdatert: 12.07.2019

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77