Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Produksjonstal for november 2019

12.12.2019 Førebels produksjonstal i november 2019 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 016 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein oppgang på 235 000 fat per dag samanlikna med oktober.

Til saman blei det selt 10,0 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,6 GSm3 meir enn månaden før.

Væskeproduksjonen i november fordeler seg slik: 1 711 000 fat olje, 277 000 fat NGL og 28 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er 13,2 prosent over OD sin prognose for november og 1,9 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2019.

Produksjon november 2019

Produksjon november 2019

 

Oljeproduksjon 2019

Oljeproduksjon 2019

 

Væskeproduksjon 2019

Væskeproduksjon 2019

 

Gassproduksjon 2019

Gassproduksjon 2019

 

Avviket mellom foreløpig produksjon for oktober (publisert 19 november) og endelig produksjonsmengde skyldes at dette var oppstartsmåned for Johan Sverdrup og at det er trukket fra utilgjengelige mengder (rørledningsvolum og minimumsnivå på lager).

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2019 er om lag 195,0 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 73,1 MSm3 o.e olje, om lag 17,5 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 104,4 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 14,8 MSm3 o.e. lågare enn i 2018.

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77

Oppdatert: 12.12.2019

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77