Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Produksjonstal for oktober

19.11.2019 Førebels produksjonstal i oktober 2019 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 828 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein oppgang på 264 000 fat per dag samanlikna med september.

Til saman blei det selt 9,3 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 3,3 GSm3 meir enn månaden før.

Væskeproduksjonen i oktober fordeler seg slik: 1 519 000 fat olje, 279 000 fat NGL og 30 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er 4,5 prosent over OD sin prognose for oktober og 3,2 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2019.

Produksjon oktober 2019

Oktober-1.png

 

Oljeproduksjon 2019

Oktober-2.png

 

Væskeproduksjon 2019

Oktober-3.png

 

Gassproduksjon 2019

Oktober-4.png

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2019 er om lag 175,5 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.
Av dette er om lag 65,1 MSm3 o.e olje, om lag 16,0 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 94,3 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 15,1 MSm3 o.e. lågare enn i 2018.

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77

Oppdatert: 19.11.2019

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77