Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Produksjonstal for september 2019

15.10.2019 Førebels produksjonstal i september 2019 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 574 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 86 000 fat per dag samanlikna med august.

Til saman blei det selt 5,8 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 2,4 GSm3 lågarer enn månaden før.

Væskeproduksjonen i september fordeler seg slik: 1 312 000 fat olje, 244 000 fat NGL og 18 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er 7,7 prosent under OD sin prognose for september og 4,1 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2019. Dei viktigaste årsakene til at produksjonen i september er lågare enn venta er tekniske problem og vedlikeholdstans på nokre felt.

Produksjon september 2019

Tabell som viser produksjon av olje og gass for september 2019

Oljeproduksjon 2019

Søylediagram som viser oljeproduksjon fra januar til dags dato 2019

 

Væskeproduksjon 2019

Søylediagram som viser væskeproduksjon fra januar til dags dato 2019

Gassproduksjon 2019

Søylediagram som viser gassproduksjon fra januar til dags dato 2019

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2019 er om lag 157,1 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel. Av dette er om lag 57,7 MSm3 o.e olje, om lag 14,5 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 84,9 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 13,8 MSm3 o.e. lågare enn i 2018.

 

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77

Oppdatert: 16.10.2019

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77