Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Produksjonstal for mars 2019

12.04.2019 Førebels produksjonstal i mars 2019 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 765 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 19 000 fat per dag samanlikna med februar.

Til saman blei det selt 11,1 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 1,0 GSm3 meir enn månaden før. 

Væskeproduksjonen i mars fordeler seg slik: 1 396 000 fat olje, 341 000 fat NGL og 28 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. 

Oljeproduksjonen er 1,5 prosent under OD sin prognose for mars og 1,8 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2019. Dei viktigaste årsakene til at produksjonen i mars er lågare enn venta er tekniske problem på nokre felt.

 

Produsjon mars 2019

Produksjon mars 2019

 

Oljeproduksjon 2019

Oljeproduksjon 2019

 

Væskeproduksjon 2019

Væskeproduksjon 2019

 

Gassproduksjon 2019

Gassproduksjon 2019

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2019 er om lag 57,8 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 20,3 MSm3 o.e olje, om lag 5,2 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 32,3 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 2,3 MSm3 o.e. lågare enn i 2018.

 

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51876077

Oppdatert: 12.04.2019

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51876077