Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Produksjonstal februar 2020

12.03.2020 Førebels produksjonstal i februar 2020 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 106 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 129 000 fat per dag samanlikna med januar. Til saman blei det selt 10,0 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,5 GSm3 lågare enn månaden før.

Væskeproduksjonen i februar fordeler seg slik: 1 749 000 fat olje, 330 000 fat NGL og 27 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er 0,7 prosent under OD sin prognose for februar og 3,2 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2020. Dei viktigaste årsakene til at produksjonen i februar er lågare enn venta er tekniske problem på nokre felt.

 

Produksjon februar 2020

Februar-1.png


Oljeproduksjon 2020

Februar-2.png

 

Væskeproduksjon 2020

Februar-3.png

 


Gassproduksjon 2020

Februar-4.png

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2020 er om lag 39,9 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 16,2 MSm3 o.e olje, om lag 3,2 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 20,4 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 1,9 MSm3 o.e. meir enn i 2019.

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77

Oppdatert: 12.03.2020

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77