Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Produksjonstal for desember 2019

17.01.2020 Førebels produksjonstal i desember 2019 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 082 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein oppgang på 95 000 fat per dag samanlikna med november.

Til saman blei det selt 10,7 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,7 GSm3 meir enn månaden før.

Væskeproduksjonen i desember fordeler seg slik: 1 759 000 fat olje, 296 000 fat NGL og 27 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er 12,7 prosent over OD sin prognose for desember og 0,5 prosent under prognosen for 2019.

Produksjon desember 2019

Desember-1.png


Oljeproduksjon 2019

Desember-2.png


Væskeproduksjon 2019

Desember-3.png


Gassproduksjon 2019

Desember-4.png


Den totale petroleumsproduksjonen i 2019 var om lag 216,0 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 81,8 MSm3 o.e olje, om lag 19,0 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 115,2 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 13,6 MSm3 o.e. lågare enn i 2018.

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77

Oppdatert: 17.01.2020

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77