Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Produksjonstal januar 2020

19.02.2020 Førebels produksjonstal i januar 2020 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 963 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 111 000 fat per dag samanlikna med desember 2019.
Til saman blei det selt 10,4 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,4 GSm3 lågare enn månaden før.

Væskeproduksjonen i januar fordeler seg slik: 1 636 000 fat olje, 300 000 fat NGL og 27 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er ca. 6,6 prosent under OD sin prognose.
Dei viktigaste årsakene til at produksjonen i januar er lågare enn venta er tekniske problem og vedlikehaldsstans på nokre felt.

 

Produksjon januar 2020

1-januar.png

 

Oljeproduksjon 2020

2-januar.png

 

Væskeproduksjon 2020

3-januar.png

 

Gassproduksjon 2020

4-januar.png

 

I januar 2020 ble det produsert om lag 20,1 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 8,1 MSm3 o.e olje, om lag 1,6 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 10,4 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er likt med januar 2019.

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77

Oppdatert: 19.02.2020

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77