Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Produksjonstal juni 2020

17.07.2020 Førebels produksjonstal i juni 2020 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 857 000 fat olje, NGL og kondensat.

Væskeproduksjonen i juni fordeler seg slik: 1 543 000 fat olje, 298 000 fat NGL og 17 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Regjeringa vedtok 29. april 2020 å kutte i norsk oljeproduksjon. Produksjonstalet for olje i juni inkluderer dette kuttet på 250 000 fat per dag.

Oljedirektoratets prognoser for oljeproduksjonen er oppdatert i regjeringas forslag til Revidert nasjonalbudsjett for 2020.

Dette blei lagt fram 12. mai. I oppdateringa er det tatt omsyn til styremaktenes regulering av oljeproduksjonen, forseinka oppstart av felt under utbygging og oljeproduksjonen i første kvartal.

Oljeproduksjonen er 4,1 prosent under taket som blei sett ved produksjonsreguleringa for juni.

Produksjon 2020

Norsk-1.png

Oljeproduksjon 2020

Norsk-2.png

Væskeproduksjon 2020

Norsk-3.png

Gassproduksjon 2020

Norsk-4.png

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2020 er om lag 115,2 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 49,1 MSm3 o.e olje, om lag 9,4 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 56,7 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 5,7 MSm3 o.e. meir enn i 2019.

 

 

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77

Oppdatert: 17.07.2020

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77