Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Produksjonstal mars 2020

17.04.2020 Førebels produksjonstal i mars 2020 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 038 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 64 000 fat per dag samanlikna med februar.
Til saman blei det selt 10,7 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,7 GSm3 meir enn månaden før.

Væskeproduksjonen i mars fordeler seg slik: 1 682 000 fat olje, 328 000 fat NGL og 27 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er 4,4 prosent under OD sin prognose for mars og 3,4 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2020.
Dei viktigaste årsakene til at produksjonen i mars er lågare enn venta er tekniske problem på nokre felt.

Produksjon mars 2020

Mars-1.png

 

Oljeproduksjon 2020

Mars-2.png

 

Væskeproduksjon 2020

Mars-3.png

 

Gassproduksjon 2020

Mars-4.png

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2020 er om lag 60,5 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 24,6 MSm3 o.e olje, om lag 4,9 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 31,0 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 2,9 MSm3 o.e. meir enn i 2019.

 

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77

Oppdatert: 17.04.2020

Kontaktperson
Rune Hult

Tlf: +47 51 87 60 77