Produksjonstal april 2021

Illustrasjonsbilde-plattform-hav-Morten-Berentsen

Illustrasjonsbilde.

20.05.2021 Førebels produksjonstal i april 2021 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 008 000 fat olje, NGL og kondensat.

Til saman blei det selt 9,2 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,6 GSm3 lågare enn månaden før.

Væskeproduksjonen i april fordeler seg slik: 1 725 000 fat olje, 270 000 fat NGL og 13 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er 3,2 prosent over OD sin prognose for april og 0,7 prosent over prognosen for kumulativ produksjon i 2021.


Produksjon april 2021

Tabell som viser olje- og gassproduksjon i april 2021


Oljeproduksjon 2021

Figur som viser oljeproduksjon 2021


Væskeproduksjon 2021

Figur som viser væskeproduksjon 2021


Gassproduksjon 2021

Figur som viser gassproduksjon 2021

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2021 er om lag 78,0 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 33,8 MSm3 o.e olje, om lag 5,9 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 38,3 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 1,7 MSm3 o.e. lågare enn i 2020.

Oppdatert: 20.05.2021