Produksjonstal februar 2021

nyhetsbilder_od30-riser

Illustrasjonsbilde.

19.03.2021 Førebels produksjonstal i februar 2021 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 108 000 fat olje fat olje, NGL og kondensat.

Til saman blei det selt 9,0 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 1,2 GSm3 lågare enn månaden før.

Væskeproduksjonen i februar fordeler seg slik: 1 792 000 fat olje, 303 000 fat NGL og 13 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er 0,4 prosent over OD sin prognose for februar og 0,1 prosent over prognosen for kumulativ produksjon i 2021.

 

Produksjon februar 2021

Tabell som viser olje- og gassproduksjon i februar 2021


Oljeproduksjon 2021

Figur som viser oljeproduksjon 2021


Væskeproduksjon 2021

Figur som viser væskeproduksjon 2021


Gassproduksjon 2021

Figur som viser gassproduksjon 2021

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2021 er om lag 39,1 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 16,9 MSm3 o.e olje, om lag 3,0 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 19,2 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 0,7 MSm3 o.e. lågare enn i 2020.

 

Oppdatert: 19.03.2021