Produksjonstal juli 2021

nyhetsbilder_od21

Illustrasjonbilde. Foto: Morten Berentsen.

19.08.2021 Førebels produksjonstal i juli 2021 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 035 000 fat olje, NGL og kondensat.

Til saman blei det selt 9,7 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 1,8 GSm3 meir enn månaden før.

Væskeproduksjonen i juli fordeler seg slik: 1 753 000 fat olje, 272 000 fat NGL og 10 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er lik OD sin prognose for juli og 0,4 prosent over prognosen for kumulativ produksjon i 2021.


Produksjon juli 2021

Tabell som viser olje- og gassproduksjon i juli 2021


Oljeproduksjon 2021

Figur som viser oljeproduksjon 2021


Væskeproduksjon 2021

Figur som viser væskeproduksjon 2021


Gassproduksjon 2021

Figur som viser gassproduksjon 2021

 

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2021 er om lag 132,3 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 58,6 MSm3 o.e olje, om lag 9,0 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 64,7 MSm3 o.e gass.

Totalvolumet er 2,6 MSm3 o.e. lågare enn i 2020.


 

Oppdatert: 19.08.2021