Produksjonstal mars 2021

Illustrasjonsbilde-plattform-hav-Morten-Berentsen

Illustrasjonsbilde.

20.04.2021 Førebels produksjonstal i mars 2021 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 094 000 fat olje, NGL og kondensat.

Til saman blei det selt 9,8 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,8 GSm3 meir enn månaden før.

Væskeproduksjonen i mars fordeler seg slik: 1 773 000 fat olje, 309 000 fat NGL og 12 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er 0,7 prosent under OD sin prognose for mars og 0,2 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2021.

Produksjon mars 2021

Tabell som viser olje- og gassproduksjon i mars 2021


Oljeproduksjon 2021

Figur som viser oljeproduksjon 2021


Væskeproduksjon 2021

Figur som viser væskeproduksjon 2021


Gassproduksjon 2021

Figur som viser gassproduksjon 2021

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2021 er om lag 59,2 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 25,6 MSm3 o.e olje, om lag 4,5 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 29,0 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 1,5 MSm3 o.e. lågare enn i 2020.

 

Oppdatert: 20.04.2021