Produksjontal mai 2021

nyhetsbilder_od33-2

Illustrasjonsbilde.

18.06.2021 Førebels produksjonstal i mai 2021 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 860 000 fat olje, NGL og kondensat.

Til saman blei det selt 8,7 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,7 GSm3 lågare enn månaden før.

Væskeproduksjonen i mai fordeler seg slik: 1 654 000 fat olje, 195 000 fat NGL og 11 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er 4,0 prosent over OD sin prognose for mai og 1,2 prosent over prognosen for kumulativ produksjon i 2021.

Produksjon mai 2021

Tabell som viser olje- og gassproduksjon i mai 2021


Oljeproduksjon 2021

Figur som viser oljeproduksjon 2021


Væskeproduksjon 2021

Figur som viser væskeproduksjon 2021


Gassproduksjon 2021

Figur som viser gassproduksjon 2021

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2021 er om lag 96,0 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 41,9 MSm3 o.e olje, om lag 6,9 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 47,2 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 2,0 MSm3 o.e. lågare enn i 2020.

 

Oppdatert: 18.06.2021