Produksjonstal februar 2022

18.03.2022 Førebels produksjonstal i februar 2022 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 980 000 fat olje, NGL og kondensat.

Til saman blei det selt 9,7 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,9 GSm3 mindre enn månaden før.

Væskeproduksjonen i februar fordeler seg slik: 1 763 000 fat olje, 208 000 fat NGL og 9 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er 3,7 prosent under OD sin prognose for februar og 2,9 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2022.

Tabellen og figurane vert oppdatert med endelege tal samtidig som produksjonstal for neste månad vert publisert.

Produksjonstall februar 2022

Olje
mill fat/dag
Sum væske
mill fat/dag
Gass
MSm³/dag
Totalt
MSm³ o.e/dag
Produksjon februar 2022 1,763 1,980 347,8 0,663
 
Prognose for februar 2022 1,830 2,130 318,2 0,657
Avvik frå prognose -0,067 -0,150 29,6 0,006
Avvik frå prognose i % -3,7 % -7 % 9,3 % 0,9 %
 
Produksjon januar 2022 1,736 1,965 343,4 0,656
Endring frå januar 2022 0,027 0,015 4,5 0,007
Endring i % frå januar 2022 1,6 % 0,8 % 1,3 % 1,1 %
 
Produksjon februar 2021 1,792 2,103 321,1 0,656
Endring frå februar 2021 -0,029 -0,123 26,7 0,007
Endring i % frå februar 2021 -1,6 % -5,8 % 8,3 % 1,1 %

Oljeproduksjon februar 2022

Væskeproduksjon februar 2022

Gassproduksjon februar 2022

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2022 er om lag 38,9 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 16,4 MSm3 o.e olje, om lag 2,1 MSm3 o.e NGL og kondensat,
og det er selt om lag 20,4 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 0,2 MSm3 o.e. mindre enn i 2021.

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 12.09.2022