Produksjonstal mai 2022

nyhetsbilder_od33-2

Illustrasjonsbilde

21.06.2022 Førebels produksjonstal i mai 2022 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 831 000 fat olje, NGL og kondensat.

Til saman blei det selt 10,0 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,1 GSm3 meir enn månaden før.

Væskeproduksjonen i mai fordeler seg slik: 1 620 000 fat olje, 200 000 fat NGL og 11 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er 2,4 prosent under OD sin prognose for april og 4,8 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2022. Prognosen for gass og NGL er oppdatert i tråd med regjeringens produksjonsanslag til revidert nasjonalbudsjett 2022.

Tabellen og figurane vert oppdatert med endelege tal samtidig som produksjonstal for neste månad vert publisert.

Produksjonstall mai 2022

Olje
mill fat/dag
Sum væske
mill fat/dag
Gass
MSm³/dag
Totalt
MSm³ o.e/dag
Produksjon mai 2022 1,626 1,804 324,1 0,611
 
Prognose for mai 2022 1,660 1,884 316,3 0,616
Avvik frå prognose -0,034 -0,080 7,7 -0,005
Avvik frå prognose i % -2 % -4,2 % 2,4 % -0,8 %
 
Produksjon april 2022 1,664 1,860 329,2 0,625
Endring frå april 2022 -0,038 -0,056 -5,1 -0,014
Endring i % frå april 2022 -2,3 % -3 % -1,5 % -2,2 %
 
Produksjon mai 2021 1,662 1,846 280,5 0,574
Endring frå mai 2021 -0,036 -0,042 43,6 0,037
Endring i % frå mai 2021 -2,2 % -2,3 % 15,5 % 6,4 %

Oljeproduksjon mai 2022

Væskeproduksjon mai 2022

Gassproduksjon mai 2022

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2022 er om lag 96,8 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 41,0 MSm3 o.e olje, om lag 5,1 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 50,8 MSm3 o.e gass.

Totalvolumet er 1,0 MSm3 o.e. meir enn i 2021.

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 12.09.2022