Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6403/6-1

25.07.2006 Pressemelding 23/2006: Statoil, som operatør for utvinningsløyve 322, har avslutta boringa av undersøkjingsbrønn 6403/6-1.

Dette var den fyrste undersøkjingsbrønnen i utvinningsløyve 322 som dekker blokkane 6403/ -5, -6 og -9. Løyvet vart tildelt i 18. runde i 2004.

Målet for brønnen var eit sandsteinsprospekt frå krittalder kalla "Edvarda". Prospektet var lokalisert like vest for oljefunnet 6405/7-1-Ellida og nordvest av Ormen Lange - feltet, det vil seie i den sørlege delen av Norskehavet og om lag 230 km nordvest for Kristiansund. Undersøkjingsbrønn 6403/6-1 vart bora til eit totalt djup av 4095 meter inn i bergartar av kritt alder. Brønnen var tørr og er nå plugga att og forlaten.

Boringa vart utført av borefartøyet Eirik Raude. Denne riggen vert nå teken over av Chevron for å bore utanfor kysten av Canada.


Rettshavarar for utvinningsløyve 322 er:
Statoil ASA (operatør)  - 90 prosent.
AS Norske Shell  - 10 prosent.

 

kart

For meir informasjon, ta kontakt med Direktør Bente Nyland på telefon 51876282.


 

Oppdatert: 04.09.2009