Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

9/4-5

27.07.2006 Pressemelding 24/2006: ExxonMobil, som operatør for utvinningsløyve 315, har avslutta boringa av undersøkjelsesbrønn 9/4-5.

Dette var den første undersøkjelsesbrønnen i utvinningsløyve 315 som dekkjer blokkane 8/6, 9/2,-3,-4,-5,-6 - likeins 10/4,-7,-8,-9 og 11/7. Løyvet vart tildelt i 18. runde i 2004. Målet for brønnen var Kogge - prospektet av perm alder.

Prospektet vart lokalisert om lag 100 km sørvest av Egersund i sørlege del av Nordsjøen. Undersøkjelsesbrønn 9/4-5 vart bora på 77 meters vanndjubde til et totalt djup av 5837 meter inn i bergartar av sein-paleozoisk alder. Dette er den djupaste brønnen som er bora på norsk sokkel så langt. Brønnen var tørr og er nå permanent plugga og forlaten.

Brønnen testa ein ny geologisk modell med eit stort potensiale, men med lav funnsannsynlegheit i eit nytt område som ikkje har vore utforska tidligare. Sjølv om brønnen var tørr har den gjeve verdifull informasjon som vil være viktig for den vidare utforskning i denne delen av Nordsjøen.

Boreoperasjonene vart utført av boreinnretninga Mærsk Gallant, som nå vil bli overteken av ConocoPhillips for å bore ein observasjons-/utvinningsbrønn i utvinningstillatelsen 018 i Ekofiskområdet heilt sør i Nordsjøen.

Rettighetshaverar i utvinningstillatelsen 315 er:
ExxonMobil Expl. & Prod. Norway AS. (operatør) - 30 prosent Statoil ASA - 30 prosent
Petoro - 30 prosent
RWE-Dea Norge AS - 10 prosent

 

kart
 

Oppdatert: 04.09.2009