Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/4-4

14.03.2007 Pressemelding 11/2007:Statoil, operatør for utvinningsløyve 339, har avslutta boringa av undersøkingsbrønn 16/4-4.

Dette er den første undersøkingsbrønnen i utvinningsløyve 339 som omfattar den sørlege delen av blokk 16/4. Løyvet blei tildelt i TFO 2004.

Målet for brønnen var eit sandsteinsprospekt av tertiær alder kalla Biotitt. Prospektet var lokalisert om lag 20 kilometer nordaust for Sleipnerfeltet i den midtre delen av Nordsjøen.

Undersøkingsbrønn 16/4-4 blei bora til ei totalt djup av 2360 meter inn i bergartar av kritt alder. Det blei gjort eit lite gass/kondensatfunn i Heimdalformasjonen av tertiær alder. Brønnen blir no permanent plugga og forlatt.

Rettshavarane i utvinningsløyvet vil vurdere å produsere funnet mot Sleipnerfeltet.

Boreoperasjonen blei utført av boreinnretninga West Epsilon, som no vil bore brønn på 15/6-9 S i utvinningsløyve 303.


Rettshavarane i utvinningsløyve 339 er:

Statoil ASA: 70 %
ExxonMobil: 30 %



Kart

 

Kontakt i OD:

Eldbjørg Vaage Melberg, tlf. 51 87 61 00.  

Oppdatert: 22.01.2013