Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Fem framtidsscenarier: Høgt spel om sokkelen

23.06.2003 Utvikling eller forvitring - trumf eller beit. Perspektiva for norsk sokkel blir presenterte gjennom fem framtidsscenarier som i utgangspunktet er like sannsynlege. I det femte deltar bare Jokeren. Motkreftene har vunne og feia petroleumsverksemda bort frå spelebordet.

Av Inger Anda

- Denne artikkelen er publisert i Sokkelspeilet nr. 2 - 2003

Aktørbiletet på norsk sokkel mot 2012 er tittel på scenariearbeidet som er utarbeidd i OD under leiing av Helge I. Vestre, sjefingeniør som òg har graden Master of Management frå Handelshøyskolen BI.

Fire scenarier for norsk sokkel


Dokumentet teiknar fem realistiske framtidsalternativ for norsk sokkel. Forkortingane A, B, C og D er ekstraherte frå omgrepa Høg sigarføring, 1001 brønn, Château tristesse og Til krampa tar deg.

Den femte deltakaren er Jokeren, som i ein ekstremsituasjon kan setta dei fire andre ut av spel.

- Skal vi nå den langsiktige utviklingsbanen som er skildra i Stortingsmelding 38 (2001-2002) - Om petroleumsverksemda, må vi nå begynna å gå i retning av scenariet 1001 brønn. Det er mogleg, men svært krevjande, slik òg stortingsmeldinga påpeiker, seier Vestre.

- OD har gjort eit grundig arbeid og innhenta grunnlagsmateriale til scenariedokumentet frå svært mange kjelder. Vi peikar på føresetnadene som må vera til stades om Noreg skal nå den langsiktige utviklingsbanen. Men suksess for sokkelen vil avhenga av at alle aktørane i og rundt industrien yt fullt ut. Dette må til dersom vi skal nå målet om olje- og gassproduksjon i respektivt 50 og 100 år framover, understrekar han.

Lite realistisk
Scenario A, Høg sigarføring, legg til grunn at det blir gjort mange og store funn i perioden 2001 til 2010. Situasjonen vil i så fall føra til at sokkelen igjen er dominert av få og ressurssterke selskap og at desse store aktørane festar grepet. I eit slikt bilete vil det truleg vera meir lønsamt å satsa på leiteaktivitet enn på auka utvinning.

Korkje Vestre eller særleg mange andre ser det som realistisk at Noreg kan halda fram som olje- og gassnasjon med like prangande røykesaker som i dei gylne 1970- og -80-åra.

- Ut frå kunnskapen vi sit med i dag, er det lite truleg at ei mengd store funn vil prega leiteverksemda dei neste åra. Dermed manglar vi det viktigaste kriteriet for scenario A.

- I Stortingsmelding 38 blir dette inntrykket understreka ved at ein vektlegg utbygging av mindre funn og haleproduksjon i modne delar av sokkelen, poengterer Vestre.

Mange brønnar små
Ei framtid for norsk sokkel nær den langsiktige utviklingsbanen, vil avhenga av at ein strekker seg mot 1001 brønnscenariet. Det fordrar at alle aktørane tar del i same spelet, med dei same korta - og med same målet.

- Skal vi oppnå dette, må industrien satsa sterkt på leiteboring frå eksisterande felt, frå faste innretningar, leiteriggar og skip. Samstundes må teknologiutviklinga gjera det mogleg å bora meir langtrekkande brønnar frå faste innretningar, samstundes som eksisterande infrastruktur må utnyttast maksimalt, seier Vestre.

- Då treng vi truleg også nye og spesialiserte aktørar som må operera i symbiose med etablerte selskap. Sistnemnde må gje plass til dei små ved å avgrensa sine tradisjonelle aktivitetar og fokusera på definerte kjerneoppgåver. Dette inneber blant anna at dei overlet mykje av haleproduksjonen til spesialistar, medan dei sjølv held fram som eigarar i lisensane. Døme på dette er Shell si nye rolle på Kittiwake-feltet på britisk sokkel.

- I ei slik mogleg framtid vil vi truleg sjå at dei store selskapa flyttar delar av kapitalen og kompetansen ut i verda på jakt etter store funn der. I så fall må òg kjøp og sal av eigarskap i den såkalla annanhandsmarknaden fungera godt.

- Dette biletet føreset suksess med EOR (enhanced oil recovery, auka oljeutvinning). Som ein illustrasjon bør ein om 10 år ha auka utvinningsgraden i Ekofisk frå 40 til 60 prosent, opplyser OD-analytikaren. 

I utarbeidinga av dei fem framtidsbileta er det tatt omsyn til mange drivkrefter som vil påverka aktørsamansettinga på sokkelen i den aktuelle perioden, 2004-2012.

- Vi starta med om lag 70 slike drivkrefter, og sit nå igjen med 14 som er studerte i detalj. Blant desse er sjølvsagt dei fiskale ramevilkåra på norsk sokkel samanlikna med omverda. (* Sjå heile lista over drivkrefter nedanfor)

Ned, ut og vekk
Château tristesse-biletet skil seg sterkt frå Høg sigarføring og 1001 brønn. Blir førstnemnde alternativ ein realitet, vil vi ikkje nå den langsiktige utviklingsbanen.

- C-scenariet legg til grunn ein ressurstilvekst som er lågare enn prognosane, og der det heller ikkje blir gjort noko stort funn fram mot 2010. Fleire av dei store internasjonale selskapa kan i ein slik situasjon ha forlate norsk sokkel før 2010, og den siste leiteriggen vil vera i opplag om seks til sju år, skisserer Vestre.

- I denne framtida vil operatørselskapa selja mykje av haleproduksjonen og flytta kapital og kompetanse til meir attraktive område ute i verda. Spesialiserte haleprodusentar vil i eit slikt scenario ta over i løpet av dei næraste åra. Dei vil driva etter låg kost/høg risiko-prinsippet - og investera lite i teknologiutvikling for auka utvinning, injeksjon og horisontalboring.  Ein negativ effekt av dette vil vera at dei beste fag og forskingsmiljøa gradvis flyttar ut av landet.

Krampaktig
Dersom det meste går slik dei færraste vil, står Noreg med begge beina i det verste alternativet rapporten gjer greie for, med unntak av jokeren:
Til krampa tar deg.

- Scenariet tar utgangspunkt i at det blir gjort fleire små funn nær eksisterande felt fram til 2010, men at volumet er lågare enn prognosane tilseier.  Leiteverksemda vil vera stimulert av offentlege midlar, og resultatet vil vera svært mykje høgare aktivitet enn i dag. Likevel vil teknisk funnfrekvens ligga på under halvparten av gjennomsnittet på norsk sokkel frå 1966 til 2002.

- Den dårlege ressurstilveksten kjem altså trass i auka innsats på leitesida. Det same gjeld for EOR. Hovudgrunnen er at potensialet var overvurdert.

Det stoppar ikkje der.
- Med ein slik situasjon på norsk sokkel, vil dei store operatørane letta anker. Og nye selskap som kjem inn, vil ha fokus på avslutning, gjenbruk og fjerning. I staden for å utnytta eksisterande infrastruktur, vil småfelt byggast ut sjølvstendig ved hjelp av subsea-løysingar og fjernstyrte, landbaserte operasjonar. Og dei nye, spesialiserte aktørane vil i stor grad gå inn på andre typar samarbeidsmodellar enn vi ser i dag, påpeiker Vestre.

Game over
Ikkje alle vil at landet skal nå den langsiktige utviklingsbanen. Blant anna ser det ut for at nokre av miljøvernorganisasjonane, einskilde ideologiske organisasjonar, nokre politiske parti, økonomiske "trusretningar" og departement vil arbeida for å redusera petroleumsaktiviteten, særleg i Barentshavet og utanfor kysten av Nordland.

Dette er delar av sokkelen OD har definert som sentrale for å kunna nå den langsiktige banen.

- Desse motkreftene representerer det vi i analysen kallar Jokeren i spelet om norsk sokkel.

- Dersom "alliansen" når fram med sine synspunkt, står vi om nokre år overfor heilt nye føresetnader - der scenario A, B, C eller D ikkje lenger er relevante. I ein slik ekstremsituasjon vil det vera game over for norsk olje- og gassindustri.

Jokeralternativet tar utgangspunkt i følgjande logikk:

- Motstanden mot Snøhvit-utbygginga i Barentshavet blei for svak til å stansa henne. Men olja blir verande igjen i reservoaret.
- Alliansen lærer av Snøhvit-kampanjen og står fram med fornya styrke før den neste store utbygginga i Norskehavet.
- Parallelt med auka motstand mot sokkelverksemda, fører langvarig internasjonal lågkonjunktur til at Petroleumsfondet gradvis blir svekka. - Situasjonen styrkar alternative økonomifaglege standpunkt og teoriar.
- Kampen medfører etter kvart at Stortinget vedtar endringar i olje- og gasspolitikken. Utvinningstakta skal ned.
- Konsekvensen er at Barentshavet blir verna inntil vidare - som maritim nasjonalpark. Tildelingane blir samstundes reduserte, og godkjende utbyggingar blir utsette på ubestemt tid.


- Jokeren er ein høgst usikker variabel i scenarieanalysen, seier Vestre. Men kreftene som vil redusera petroleumsaktiviteten er der. Dei må reknast med når vi vurderer framtida for sokkelen, og argumentasjonen må møtast på fagleg og sakleg grunnlag - i lang tid framover.

------

* Krefter i endring
Dei fem framtidsbileta for norsk sokkel er i hovudsak bygde rundt 14 drivkrefter som vil vera i endring i perioden 2004-2012.

- Ressurssituasjonen på norsk sokkel (NS)
- Funnstorleik på NS
- Situasjonen på gassmarknaden
- Forventa pris versus kostnad for aktiviteten på NS
- Fiskale ramevilkår, Noreg versus omverda
- Opposisjonsgruppene si gjennomslagskraft
- Helse, miljø, tryggleik og arbeidstakarane si rolle på NS
- Konkurransesituasjonen på NS
- Selskapsdynamikk og global nisjeinndeling
- Liberalisering av EU-marknadene i høve til gassdirektivet
- Endring i arbeidsfordeling oljeselskap/leverandørar
- Betra leite- og utvinningsteknologi
- Nye blokkdanningar USA/Russland versus EU/Opec
- Gjennombrot for nanokatalyse ? kol/gass til diesel

Til grunn for analysen ligg beslutningsscenarieteknikken, ein velkjend metode som Shell introduserte i petroleumsverksemda tidleg på 1970-talet.

OD-gruppa som har utarbeidd dokumentet, er samansett av økonomar, juristar, geologar, ingeniørar, statsvitarar og organisasjonsanalytikarar, i samarbeid med leiinga i OD.

Oppdatert: 11.12.2009