Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Aldri ein dag utan

21.10.2005 Regnet slår i asfalten. Regnjakka heng lageleg til. Bussen ventar. Fleecen varmar ekstra. Klar for nok ein dag. Ein petroleumsdag.

 

Artikkelen er hentet fra Oljedirektoratets magasin Norsk sokkel nr. 2-2005


Artikkelen er hentet fra Oljedirektoratets magasin Norsk sokkel nr. 2-2005

Har du tenkt på kor mange ting du kjem borti i løpet av dagen som er resultat av petroleum, og i stor grad gass? Legoklossane du kranglar med på veg ned trappa. Kontaktlinsene på morgontrøtte auge. Skoa som skjermar mot fuktige far.

For 100 år sidan var ikkje petroleum ein stor del av kvardagen vår. I dag kan me i den vestlege verda knapt koma gjennom ein vanleg dag utan.

Bilen, telefonen, salamipakken, vatnslangen, nylonstrømpene. Viktige og mindre viktige ting, men alle små bitar av kvardagen.

Noreg er i ein spesiell situasjon. Me eig om lag tre prosent av verdas gassressursar, men me bruker mest ikkje gass sjølv. Mesteparten eksporterar me til det europeiske fastlandet. Dei fleste andre produsentlanda bruker gassen sin sjølv.

Berre ein liten del av naturgassen blir nytta til framstilling av industriprodukt. I Europa blir fire prosent av naturgassen brukt som råstoff i petrokjemisk industri, på verdsbasis berre to prosent.

Ubehandla naturgass vert gjerne kalla rikgass fordi han inneheld ein del tunge komponentar. Dei vert skilt ut før gassen kan sendast til Europa som tørrgass eller naturgass. Utskillingsprosessen kallast duggpunktsbehandling og skjer i eigne anlegg. Kårstø i Rogaland er eksempel på eit duggpunktsanlegg der etan, propan, butan (blandinga av desse gassane vert kalla våtgass eller NGL) og naturbensin (kondensat) vert skilt ut.

 

Artikkelen er hentet fra Oljedirektoratets magasin Norsk sokkel nr. 2-2005

Den behandla gassen blir kalla tørrgass. Tørrgassen gjer dusjen varm, pastaen al dente og gasspeisen lysande for mange europearar. Han blir altså brukt til oppvarming og koking i hushaldningar og industrien, men stadig meir tørrgass blir óg brukt til produksjon av elektrisk straum i gasskraftverk.

Når gass erstattar kol og tunge fyringsoljer i elektrisitetsverk, vert det langt mindre utslepp av CO2. Som råstoff i kjemisk industri blir tørrgassen brukt til produksjon av amoniakk, metanol og i oksoprosessar. I desse prosessane blir naturgassen først omdanna til syntesegass, ein blanding av hydrogen og karbonmonoksyd (kullos), før han blir nytta til å lage dei endelige produkta.

Ammoniakk blir nytta til gjødsel og sprengstoff, men også syntetiske teppe, ytterjakkar og akrylgenserar blir laga på grunnlag av ammoniakk.

Metanol har svært mange bruksområde, blant anna i maling, som løysemiddel og som råstoff for limet me finn i sponplater. Hus blir beskytta av oljebeis eller oljemaling basert på metanol. Også innvendige veggplater og møbler blir laga av sponplater limte saman av metanolbasert lim.

Bilen syner godt kor avhengige me er blitt av olje og gass. Den treng bensin eller diesel som drivstoff, olje til smøring og asfalt å rulla på.

Stadig meir av sjølve bilen er og laga av plast. Fordelen med plastdelar er at dei har lågare vekt enn delar av metall. Det gjer bilane lettare, slik at dei treng mindre drivstoff.

Meir av noko, mindre av noko anna. Men heile vegen petroleum; olje og gass, olje og gass.

   Gjennom dagen.

       Petroleumsdagen.


 

Oppdatert: 11.12.2009