Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Effektiv drift

22.02.2006 Det vil vere svært verdifullt å klare å drive utvinninga frå felta på meir kostnadseffektive måtar. Kunsten er berre å finna den rette balansen mellom ressurstilvekst og lågare driftskostnader.



Artikkelen er hentet fra Oljedirektoratets magasin Norsk sokkel nr. 3-2005
Artikkelen er hentet fra Oljedirektoratets magasin Norsk sokkel nr. 3-2005

Driftsfasen har etter kvart blitt den fasen av petroleumsverksemda som representerer dei største kostnadene på norsk sokkel. Både i Nordsjøen og i Norskehavet er det mange felt i produksjon, og nettverket av plattformer og transportrøyr er omfattande.

Ein kontinuerleg innsats retta mot å betre driftseffektiviteten av denne infrastrukturen, vil vere heilt avgjerande for å få til ei vidare ressursutvikling i desse modne provinsane.
Produksjonen frå mange av dei store felta som har eigne plattformer, vil ettersom tida går bli redusert, og plattformene får ledig kapasitet. Dette gjer det mogleg å bruke desse plattformene og røyra til å prosessere og transportere ressursar frå nye funn i nærleiken. Då blir drifta av infrastrukturen forlenga, noko som kan gi grunnlag for å skape endå større verdiar.

Ressurstilveksten kan aukast ved å auke utvinninga frå sjølve feltet og ved å modne fram og fase inn nye ressursar til plattformene. Vedlikehaldet på plattformene må på same tid oppretthaldast, og drifta må bli stadig meir kostnadseffektiv.

Arbeidet med tiltak for å gjere drifta meir effektiv har vist at det vil vere mogleg å oppnå markerte reduksjonar i dei årlege driftskostnadane. OD har anslått at dei årlege driftskostnadene på sokkelen kan reduserast med gjennomsnittleg om lag 30 prosent berre ved å lære av dei felta som driv på den beste måten.

Endå større kan kostnadsreduksjonane bli dersom ny teknologi og potensialet i til dømes e-drift blir nytta fullt ut. Ein årleg reduksjon i driftskostnadene på 30 prosent vil kunne gi ein gevinst på 120 milliardar kroner dei neste 15 åra. På toppen av dette kjem verdien av auka ressurstilvekst.

Det finns mange døme på at denne verdien er svært mykje større enn gevinsten av sjølve kostnadsreduksjonen. Det er med andre ord snakk om viktige grep som kan gi store verdiar.

Alle plattformene på sokkelen er spesialbygde og tilpassa felta dei er sett til å produsere. Alder, storleik, talet på funksjonar og type understell varierer. Difor er det naturleg at driftskostnadene for ulike plattformer varierer.

For mange utbyggingar har høge driftskostnader mellom anna kome som eit resultat av at det i for liten grad blei teke omsyn til driftsfasen då plattforma blei designa. Slik har "driftskostnads-snøballen" byrja å rulla; store plattformer, som er bygde for høg produksjon, har gjerne mange funksjonar. Mange funksjonar medfører mykje utstyr og mykje vedlikehald. Mykje utstyr gjer og at kompleksiteten og plattformvekta går opp. Dermed må bærestrukturen gjerast større for å gi plass nok, og for å vere sterk nok til å bære alt utstyret. Denne strukturen krev i sin tur også vedlikehald. Det må med andre ord mykje personell til for å drive og vedlikehalde alt utstyret og sjå til at strukturen ikkje forvitrar. Store organisasjonar krev i neste omgang fleire personar til administrasjon og forpleining, meir helikoptertransport og meir logistikk.

Men det er håp. Felta kan drivast smartare og billigare. Det er mange døme på det.

På dei seks plattformene som produserer frå Statfjord og Gullfaks, har Statoil klart å redusere dei samla årlege driftskostnadene med 1,2 milliardar kroner sidan 2001. Dette arbeidet skaper samstundes grunnlag og inspirasjon til å fokusere systematisk på å auke ressurstilfanget, noko som har gitt gode resultat.

Eit anna døme er Bragefeltet, der Hydro har klart å redusere driftskostnadene med litt under 30 prosent frå nivået i 2001. Også for Brage har dette medverka til at nye ressursar er modna fram til produksjon, og drifta er forlenga med mange år.

På Friggfeltet, som i mange år var i ein slak halefase, klarte Total å redusere driftskostnadene med om lag 40 prosent og dermed forlenge drifta med fleire år. Det vil bli lagt ulik vekt på tiltak i alle slike prosjekt, alt etter dei utfordringane feltet står overfor. Nokre fellesnemnarar er det likevel. Både på Statfjord, Gullfaks, Brage og Frigg er det blitt fokusert på å arbeide smartare og fjerne oppgåver som ikkje trengst, på meir bruk av tilstandsbasert og kampanjebasert vedlikehald og på å utnytte informasjons- og kommunikasjonsteknologi betre, slik at oppgåver kan overførast til land.

Men den viktigaste faktoren for å lukkast, er i alle tilfella at vilje, motivasjon og innsats har vore tilstades i alle ledd i organisasjonen.

Oppdatert: 11.12.2009