Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Heilt Texas !

16.10.2006 Tom Pogue var med då den første brønnen på norsk sokkel blei bora:

Tekst: Pål Espen M. Kilstad. Foto: Emile Ashley.

Tom Pogue med sin gamle ven Roy Bridges (med sigaren) som arbeidde som ingeniør på Ocean Traveler. Biletet av Roy Bridges er ein del av utstillinga på Norsk Oljemuseum i Stavanger.
Tom Pogue med sin gamle ven Roy Bridges (med sigaren) som arbeidde som ingeniør på Ocean Traveler. Biletet av Roy Bridges er ein del av utstillinga på Norsk Oljemuseum i Stavanger.

I år er det 40 år sidan den første brønnen blei bora på norsk sokkel. Esso var ute med boreriggen "Ocean Traveler", og fagfolk blei henta frå utlandet for å lære nordmennene oljefaget. Ein av dei var Tom Pogue (67) frå Texas. - Dei fleste av oss hadde mellom fem og ti års erfaring. Nordmennene var heilt grøne sidan det ikkje hadde vore bora etter olje på norsk sokkel tidligare. For oss som blei henta inn, var dette ei ganske stor belastning, seier Pogue: - Plutseleg var vi i eit lag med urøynde borarar og såkalla "floor hands" (boredekksarbeidarar) utan særleg kunnskap i engelsk. Det var ein vanskeleg arbeidssituasjon. Resultatet av den første boringa var ein tørr brønn, og det vart heller ikkje gjort kommersielle funn i dei neste 30 brønnane. Etter kvart byrja mange å miste trua på at dei ville gjere drivverdige funn, mellom dei var òg Tom Pogue: - Mange av oss tvilte på at vi ville finne olje. Eg trudde vel inst inne at eg ville vere på flyet heim etter at vi hadde bora ferdig den andre brønnen. Noreg var eit alt for pent og hyggeleg land til at vi eigentleg trudde det ville vere olje her. Vi så nok på oppdraget mest som eit eventyr, ei oppleving og ein sjanse til å sjå oss om i verda. Det var fyrst då vi kom over dei rette bergartane og tjukke lag med salt at vi byrja å tru at dette kunne ha noko for seg. No tykkjer eg sjølvsagt det er spesielt å ha vore med frå starten, men den gongen kjende vi det ikkje som noko historisk, det vare berre ein jobb, seier Pogue.

Mange skader
Tom Pogue var nyutdanna geolog med berre nokre få års arbeidserfaring då han kom til Norge i 1966 for å arbeide i Baroid, eit selskap som seinare blei ein del av Halliburton. Byen hadde han aldri høyrt om. Før han tok jobben, forsikra han seg om at Stavanger ikkje låg på Svalbard. Texanaren har sett dei fleste sidene av det norske oljeeventyret, men det er ikkje alle han minnast med like stor glede: - Tryggleik blei det ikkje lagt særleg vekt på i byrjinga. Nokre fekk fingrane kappa av eller knust, og somme fekk brannsår og andre skader. Mange kom jo frå landsbygda utan røynsle. Dei var der ute for å tene gode pengar, men dei hadde liten opplæring i å nytte utstyret om bord, seier Pogue.

Då det nesten gjekk gale
Det har ikkje vore mangel på dramatikk i den rolege texanaren sin 40 år lange karriere, som til dømes ein dramatisk morgon i november 1966. Under lossing kolliderte forsyningsskipet "Smit-Lloyd 8" med boreriggen "Ocean Traveler" og slo hol i ei av bæresøylene, slik at riggen sto i fare for å havarere:

- Vi hadde akkurat registrert funn og gjort alt klart for å skifte kjerneboringsrøyr. Eg hadde gått til lugaren for å kvile medan dette blei gjort. Plutseleg høyrte vi masse bråk - og så gjekk alarmen. Fyrst trudde vi at det var falsk alarm, det hendte somme tider, men då bordet seila over golvet og small i veggen, forsto eg at dette var alvor. Bortsett frå nokre få av mannskapet, blei alle beordra til å forlate riggen og blei seinare plukka opp av forsyningsbåten. Nokre blei óg vinsja opp i helikopter frå livbåtane. Helikoptra flaug mange turar den dagen. Vi kom ikkje ut på sokkelen att før våren 1967.

Tom Pogue arbeider framleis for Halliburton, og på spørsmål om det er noko han saknar frå pionertida for 40 år sidan, ler han hjarteleg og svarer:

- Ja, eg saknar å vere 27 år og nyforelska.

Artikkelen er hentet fra Oljedirektoratets magasin Norsk sokkel nr. 2-2006

 

Oppdatert: 11.12.2009