Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

CO2 for meir olje?

30.03.2007 I oktober blei det vedteke å byggje eit gasskraftverk knytta til raffineriet på Mongstad med verdas første fullskala CO2-reinseanlegg. Regjeringa har vedteke at det offentlege skal være med på å finansiere reinseanlegget som kjem i full drift frå 2014. Det er ennå ikkje avgjort kva som skal gjerast med CO2-en frå anlegget, men kanskje den kan nyttast til injeksjon for auka oljeutvinning?

tekst: Jan Bygdevoll

Karbondioksid (CO2) er ein spesiell gass. Den er naudsynt for livet på jorda. Planter omdannar CO2 til oksygen og organisk materiale gjennom fotosyntesen. Den omvendte prosessen skjer i alle former for forbrenning av organisk materiale. CO2 og vatn er dei endelege produkta etter ei fullstendig forbrenning av ved, kol, olje og gass.

Rein CO2 kjenner me som bobler i mellom anna brus og øl og som tørris. Tørris er eit døme på at CO2 er ulik andre gassar. Ved atmosfæretrykk blir den ikkje omdanna til væske ved låg temperatur, den går direkte over frå gass til fast form. Men når trykket aukar, blir den til væske ganske fort. Desse eigenskapane, og det faktum at CO2 fortrengjer luft, gjer at gassen kan brukast til mange føremål. Den blir mellom anna brukt som kjølemedium, ved sveising og til mykje anna i ulike industriar.

For å få høgast mogleg utvinning av olje, er det vanleg å injisera vatn eller gass i reservoara. Gassinjeksjon gir ofte høgare utvinning enn vatn, men fordelane ved å bruke gass må avvegast mot verdien av å selje gassen i marknaden og kostnadene for injeksjonsutstyret. Den høgaste utvinningsgraden får vi ofte når trykk og temperatur saman med eigenskapane til gass og olje er slik at det oppstår noko vi kallar blandbar fortrenging. CO2 har eigenskapar som gjer at det ofte oppstår blandbar fortrenging. Det kan difor vera eit effektivt middel for å få ut meir olje. I USA er det store oljefelt mellom anna vest i Texas og i New Mexico. Mange av felta starta produksjonen i 1930 og -40 åra med trykkavlasting, det vil seie produksjon utan injeksjon for å oppretthalda trykket i reservoaret. Seinare blei det injisert vatn for å auke produksjonen gjennom å auke trykket i reservoaret. For å auka utvinninga endå meir, ble det etter kvart sett i gang injeksjon av CO2 frå reservoar som inneheld tilnærma rein CO2. Desse reservoara ligg i Colorado og Utah, og CO2 blir frakta i lange røyrleidningar til oljefelta. CO2 blir brukt i staden for naturgass frå olja, fordi naturgass kan seljast for god pris i marknaden. Då metoden med å injisere CO2 blei teken i bruk, var det berre for å auke oljeutvinninga. Det var lenge før CO2 blei vurdert som eit miljøproblem.

Erfaringane frå USA og andre stader viser at CO2 som oftast fører til større utvinningsauke av olje enn andre aktuelle metodar, men at det kostar meir, og difor varierer lønsemda. CO2 saman med vatn gir auka korrosjon, og noko CO2 kjem opp igjen saman med den gassen som alltid blir produsert saman med olja. Denne CO2-en må skiljast frå gassen dersom gassen skal seljast.

Det er gjort mange studiar for å finne ut om CO2 også kan brukast for å auke oljeutvinninga frå felt på norsk sokkel. Etter kvart som moglege miljøkonsekvensar av å sleppa CO2 ut i atmosfæren er blitt ein del av det offentlege ordskiftet, har dette blitt stadig meir aktuelt. Ein studie som ble laga av OD våren 2005, syner at CO2 kan gi auka utvinning av olje frå mange reservoar på norsk sokkel. Liknande studiar er seinare laga av mellom anna miljøstiftelsen Bellona og ulike oljeselskap. På ein del felt finst det ikkje andre metodar som kan gi like høg utvinning som CO2-injeksjon, men det er vanskeleg å definera prosjekt som fyller krava til lønsemd i høve til risiko og usikkerhet. Den viktigaste grunnen til dette er dei store kostnadene, både til å skilja CO2 frå eksosgassen frå (gass)kraftverk og til å frakta han til injeksjonsstaden på oljefelta.

Statoil konkluderte sommaren 2004 med at det var mogleg å utvinne meir enn 120 millionar fat olje ekstra frå Gullfaksfeltet dersom det kan skaffast minst fem millionar tonn CO2 i året til akseptable prisar. Til nå har reknestykka vist at CO2-injeksjon for auka oljeutvinning først blir lønnsamt med forventa oljeprisar på 35-40 amerikanske dollar per fat. Det er ein vesentlig høgare pris enn den staten og selskapa nyttar for planlegging av risikoprosjekt av denne typen. Difor krev aktørane at miljøsektoren og kraftsektoren deltar i finansieringa og drifta.

Statoil og Shell arbeider nå for å få til CO2 -injeksjon på felta Draugen og Heidrun i Norskehavet. Det krev ein fangst av rundt 2,5 millionar tonn CO2 kvart år frå det gasskraftverket som er foreslått bygt på Tjeldbergodden i Møre og Romsdal. Men dersom det skal lukkast, ser det ut til at andre sektorar må bidra til totaløkonomien også i dette prosjektet.

 

 

Oppdatert: 04.09.2009