Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Norge hjelper Madagaskar

29.05.2007 Dei neste fem åra skal Oljedirektoratet (OD) hjelpe Madagaskar med å etablere ei forsvarleg petroleumsforvaltning. For Turid Øygard betyr det at ho snart flyttar frå Stavanger til den gassiske hovudstaden Antananarivo.

Turid Øygards kolleger det neste året. I midten står prosjektleiar Gunnar Søiland
Turid Øygards kolleger det neste året. I midten står prosjektleiar Gunnar Søiland

Gassarane skal mellom anna få hjelp til regulering av petroleumsverksemda, handtering av ulike petroleumsdata og kartlegging av ressursane. I tillegg skal dei få hjelp til å definere akkurat kvar grensene på sokkelen deira ligg, dei får støtte til innkjøp av datautstyr og bistand innan miljøvern, anti-korrupsjon og forvaltning av verdiane. Hovudmålet med denne bistanden er at det gassiske folk skal få størst mogleg utbytte av petroleumsførekomstane, og dei kom sjølv og spurde norske myndigheiter om hjelp.

I avtalen som blei underteikna i byrjinga av mai, forpliktar OD seg til å ha ein representant til stades på Madagaskar. Det neste året er det Turid Øygard og ho gler seg:

- Madagaskar er eit spanande land, og arbeidet meiningsfullt, så det er klart eg gler meg. Prosjektet er ein del av regjeringas ”olje for utvikling” program der vi gir bistand på noko vi verkeleg kan, seier Øygard.

Mykje å lære frå kvarandre
Ho set seg på flyet i byrjinga av juni og om lag ein månad seinare kjem mann og barn etter. I starten skal ho finne ein plass å bu og sette seg betre inn i arbeidsoppgåvene. I praksis blir ho limet mellom fagfolka og institusjonane i dei to landa, og skal eit slikt prosjekt fungere godt må ein ha gode planar. Det er mange fagfolk involvert og mykje å lære på begge sider, men gassarane skal sjølv styre prosjektet gjennom OMNIS (Office des Mines Nationales and Industries Strategique), fortel Øygard.

Turid Øygard har alt vore på sin nye arbeidsplass saman med prosjektleiar i OD, Gunnar Søiland, og er spesielt nøgd med at ho kjem tidlig inn i prosessen:

- I afrikanske land har petroleumsverksemd vore handtert katastrofalt dårleg mange gonger. Når vi kjem så pass tidleg inn i prosessen kan vi legge grunnlaget for at det ikkje blir slike tilhøve på Madagaskar, seier Øygard.

Lite utforska
Som petroleumsprovins er landet ganske lite utforska, seier Øygard:

- Det er førekomstar av petroleum på land, og det blir produksjon av tungolje på land nå i haust. I tillegg er det tildelt ein del lisensar i havet. Ein viktig del av programmet blir med andre ord å kartleggje kva som faktisk fins der, seier Turid Øygard, som trur det blir ei spesiell oppleving for heile familien:

- Barna mine får unik erfaring ved å gå på amerikansk skule, og oppleve eit anna land og kulturen deira. Dette blir og ein unik moglegheit for meg reint fagleg fordi eg kjem inn i ein etablert organisasjon som einaste utlending, seier ho.

Madagaskar ligg i Indiahavet ved søraust-kysten av Afrika og har vel oftast vore nemnt i samband med misjon. På spørsmål om ho óg skal misjonere svarer Øygard bekreftande:

Ja, eg skal misjonere Oljeevangeliet!

 

Oppdatert: 11.12.2009