Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Olje for utvikling

06.04.2007 OED (Olje- og energidepartementet) samarbeider med Utanriksdepartementet, Finans­­departementet og Miljøverndepartementet om ei felles satsing på bistand til utviklingsland når det gjeld petroleumsforvalting og godt styresett.

Satsinga inneber økonomisk støtte gjennom ei ekstraløyving på 50 millionar kroner per år i fem år frå og med 2006 og omfatter: Styrking av den norske bilaterale bistanden til land som etterspør norsk petroleumskompetanse og vektlegging av godt styresett og innsyn i petroleumsforvaltinga. Programmet femner breitt og omfattar mellom anna spørsmål om ressursforvalting, inntektsforvalting, miljø og næringsutvikling. Norske fag- og forvaltingsmiljø med relevant røynsle og kompetanse vil bli trekte inn i arbeidet, mellom anna Oljedirektoratet, Petrad og INTSOK. Norad er ansvarleg for koordineringa.

 

Sonia Chovaki frå Algerie og Sherif Faye frå Gambia
Foto: Emile Ashley


PETRAD (International Programme for Petroleum Management and Administration):

Stiftinga Petrad er ein del av Noregs bistandsarbeid, støtta av Olje- og energidepartementet. Petrad tilbyr ulike typar kompetanseoverføring til leiinga i nasjonale oljeselskap og petroleumsforvalting i utviklingsland. Ein viktig del av verksemda til Petrad er det årvisse åtte-vekers kurset i Oljedirektoratet sine lokaler i Stavanger.

Sonia Chovaki frå Algerie og Sherif Faye frå Gambia deltok begge på Petrads åtte-vekers kurs i Stavanger i haust. Det fyrste åtte-vekers kurset blei arrangert allereide i 1991. Så langt har cirka 700 deltakarar frå 69 nasjonar delteke på kurset. Foto: Emile Ashley


INTSOK (Norwegian Oil and Gas Partners):
For å fremje internasjonaliseringa av norsk petroleumsretta industri etablerte styresmaktene i 1997, i samarbeid med norsk petroleumsindustri, stiftinga INTSOK. Norske styresmakter ser INTSOK som ein viktig samarbeidspartnar. INTSOK har i dag om lag 160 medlemsbedrifter. Målsetjinga er at norske petroleumsretta selskap skal auka den årlege omsetjinga i utlandet til om lag 80 milliardar norske kroner i 2010. I 2005 var omsetjinga 50 milliardar kroner.

Norad (Norwegian Agency for Development Cooperation) er eit direktorat for utviklingssamarbeid under Utanriksdepartementet. Norad skal bidra til effektiv forvalting av bistandsmidlar og sørgje for at det norske utviklingssamarbeidet blir kvalitetssikra og evaluert. Norad skal vere det nytenkande fagmiljøet i Noreg i kampen mot fattigdom og samarbeide nært med nasjonale og internasjonale fagmiljø. Etaten skal finansiere, samarbeide med og ha kunnskap om organisasjonar, institusjonar og bedrifter. Kopling av organisasjonskunnskap og fagleg rådgjeving skal bidra til å heve nivået på tenestene til Norad gjennom auka tilfang av erfaringar. Dei norske samarbeidspartnerane til Norad er bistands- og humanitære organisasjonar, bedrifter, fagforeiningar, kulturmiljø, forskingsmiljø, ambassadar, statlege etatar og institusjonar.

 

Oppdatert: 11.12.2009