Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Verda ventar på gasshydrat

30.10.2007 Det starta som eit prosjekt for CO2-lagring, men kan også gje eit enkelt svar på korleis metangass kan utvinnast frå hydrat.

Tekst: Kristin Gjengedal, Foto: Eivind Senneset

– Det er ein vinn-vinn-situasjon, seier Bjørn Kvamme om metoden han og kollegaene ved Universitetet i Bergen (UiB) har funne for å frigjere naturgass frå hydrat ved å injisere CO2.

– CO2 er noko alle vil bli kvitt. Samstundes er det gjort førebelse overslag som Bjørn Kvammeseier at førekomstane av gasshydrat utgjer meir enn dobbelt så mykje som alle kjente førekomstar av olje, kol og fri naturgass til saman.

Interessa for gasshydrat har eksplodert internasjonalt dei siste åra. Japan har i mange år forska på korleis landet kan skaffe seg energi frå dei rike førekomstane av gasshydrat utanfor kysten. India har brukt store summar på å kartleggje hydratressursane sine og planlegg kommersiell utvinning så snart som råd. Også USA har i det siste lagt for dagen ei sterk
interesse, ettersom landet ønskjer å bli mindre avhengige av å importere olje frå eit stadig meir uforutseieleg Midtausten. Det finst også fleire industrielle forskingsprogram.

Kan likne is
Gasshydrat er naturgass, i hovudsak metan, som er fanga i holrom av hydrogenbunde vatn. Utsjånaden kan likne vanleg is. Hydrata blir danna under høgt trykk og låge temperaturar, som på store havdjup eller i område med permafrost. Og dei representerer ei enorm energikjelde, om det berre blir mogleg å utvinne dei.

– Det finst fleire måtar å utvinne dei på. Stabiliteten i gasshydrata er ein funksjon av trykk og temperatur. Ved å tilføre varme, eller ved å avlaste trykket, kan dei gjerast ustabile slik at gassen kan fangast opp. Men desse metodane medfører også ulemper, seier Kvamme.

Ved smelting vil det bli frigjort store mengder vatn i tillegg til gassen, og dette vatnet er det kostnadskrevjande å pumpe opp. Skal reservoara varmast opp, vil det også koste mykje. Og når gasshydrat går over frå stabil til ustabil tilstand, skjer det ein reduksjon av volumet som i verste fall kan føre til at undergrunnen kollapsar. Men Kvamme og hans forskarkollegaer har funne ein annan metode:

– Vår metode går ut på å injisere CO2 i hydrata. Ved konstant trykk har dei isliknande krystallane større termisk stabilitet med CO2 enn med metan. Injisert CO2 vil erstatte metan, og volumet blir om lag det same. Metanet blir frigjort, samstundes som dette er ein stabil lagringsmetode for CO2. Dette går heilt av seg sjølv. Det har vi vist eksperimentelt, og vi planlegg å gjere det same med kjerner som er henta opp frå grunnen.

Kvamme har teke ut patent på denne prosessen i samarbeid med kollegaen Arne Graue ved UiB og oljeselskapet ConocoPhillips, som har investert i prosjektet. Norges forskningsråd har også medverka økonomisk gjennom Petromaks-programmet.

Interessa vil auke
Metoden blir møtt med stor interesse både frå industri og styresmakter, og Kvamme reknar med at interessa berre vil auke. Det er vanskeleg å spå om kva rolle gasshydrat vil spele i den framtidige energirekneskapen i verda, men han trur dei vil bli svært viktige.

– Det enkelte land sin energipolitikk vil spele inn. Ikkje alle hydratførekomstar er drivverdige, men andelen kan endre seg etter kvart som teknologien blir betre. Både Japan og India vil nok satse på full kommersiell drift, men vi kan jo ikkje vite om dei vil velje vår metode eller andre metodar. Sjølv meiner vi at vi har funne den økonomisk og teknisk beste måten å gjere det på.

Også Noreg, som så langt har levd godt på olje- og gasseksport, har så smått byrja å interessere seg for gasshydrat. Eit forskingsprosjekt, som er finansiert av Forskingsrådet og leia av Universitetet i Bergen, er nå i gang med å kartleggje hydratførekomstar i Nordsjøen, hovudsakleg ved hjelp av seismikk. Om ikkje anna, er det viktig for oljeindustrien å vite kvar hydrata finst, slik at det ikkje uforvarande blir utløyst undersjøiske ras ved å forstyrre dei. Samstundes arbeider Kvamme og medarbeidarane hans med å forbetre effektiviteten til CO2-injiseringsmetoden.

– Det at UiB forskar både på kartlegging og utvinning, gjer at vi får mykje kompetanse på korleis kartlegging kan kombinerast med evaluering av kor drivverdige hydratreservoara er. Før eller seinare vil vi få ein reduksjon i frie gassførekomstar, og då ligg denne kompetansen klar til bruk, seier Kvamme. Injeksjon av CO2 kan være ein metode for å produsere gass frå hydrat.

 

Oppdatert: 11.12.2009