Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Arbeider med forvaltningsplan for Norskehavet

03.12.2008 Ein heilskapleg  forvaltningsplan blir eit godt verktøy for bærekraftig forvaltning av Norskehavet i framtida. Miljødepartementet tar sikte på å fremje ei stortingsmelding om dette våren 2009.

Regjeringa signaliserte i St.meld. nr 8 (2005-2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten (forvaltningsplan) at denne ville danne eit utgangspunkt for arbeidet med heilskaplege forvaltningsplanar for andre norske havområde. Stortinget har, gjennom denne forvaltningsplanen, gitt si tilslutning til dette.

Den heilskaplege forvaltningsplanen for Norskehavet omfattar områda utanfor grunnlinja i norsk økonomisk sone frå Stad 62°N og nordover til om lag 80°N, samt Fiskerisona ved Jan Mayen og ”Smutthavet”.

Planen skal legge rammer for næringsverksemda slik at den samla påverknaden ikkje overgår miljøet sin tåleevne.

I februar 2007, då arbeidet med forvaltningsplanen tok til, sa dåverande miljøvernminister Helen Bjørnøy at ”heilskaplege forvaltningsplanar for havområda gir avklarte og føreseielege rammer for næringsverksemd. Samtidig sikrar dei god beskyttelse av miljøet. Forvaltningsplanen for Barentshavet syner at dette er mogleg.” 

Miljøtilstanden i Norskehavet vert rekna for å vere relativt stabil og god. Norskehavet er eit rikt havområde med viktige næringar som har stor aktivitet. Ein forvaltningsplan vil vere eit godt verktøy for berekraftig forvaltning av Norskehavet i åra framover.

Ved å nytte erfaringane frå arbeidet med Barentshavet skal den norske modellen med heilskapleg forvaltning av havmiljø utviklast vidare.


Forvaltningsplanen for Norskehavet inneber:

  • Eit program for sektorvise utreiingar, inkludert offentleg høyring
  • Felles faktagrunnlag og skildring av status
  • Forslag til indikatorar, referanseverdiar og tiltaksgrenser

Som ein del av grunnlaget for forvaltningsplanen er det også gjennomført fire sektorvise utredningar av konsekvensar av verksemd/påverknad:

  • Petroleumsverksemd og andre energiformer til havs
  • Fiskeri
  • Skipstrafikk
  • Ytre påverknad

Arbeidet med forvaltningsplanen for Norskehavet starta våren 2007. Ei styringsgruppe sett saman av Miljøverndepartementet (leiar), Fiskeri- og kystdepartementet, Olje- og energidepartementet, Utanriksdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Finansdepartementet samordnar arbeidet med planen.

Styringsgruppa oppnemnde ei faggruppe som utarbeider det faglege grunnlaget for planen. Faggruppa er sett saman av representantar frå Direktoratet for naturforvaltning (leiar), Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, Kystdirektoratet, Oljedirektoratet, Petroleumstilsynet, Sjøfartsdirektoratet, Statens forureiningstilsyn og Statens strålevern.

Les meir om forvaltningsplanen for Norskehavet og rapportane frå faggruppa på  Miljøverndepartementet sin nettstad.


Nordsjøen
Parallelt med prosessen rundt Norskehavet skal Noreg vere pådrivar i arbeidet med grunnlaget for ei heilskapleg forvaltning av Nordsjøen, der tilstanden for miljøet er ”relativt dårleg og utviklinga i økosystemet usikker”, ifølge Miljøverndepartementet.

Endring i havtemperatur og utbreiing av fisk og plankton, nedgang i sjøfuglbestandar, svikt i rekruttering til fiskebestandar, kopling mellom fiske- og sjøfuglbestandar i tillegg til innvandring av nye artar er tema det er stor usikkerheit rundt i Nordsjøen.

 

Oppdatert: 04.09.2009