Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

OD er med på klimakuren

05.12.2008 OD er med  på Klimakur 2020 - ein prosess som skal vise kva Noreg kan gjere for å kutte klimagassutsleppa med 15-17 millionar tonn innan 2020.

Dei globale utsleppa av klimagassar skal ned. Klimaforliket sist vinter tar sikte på at Noreg innan 2020 skal ha slanka bort ein fjerdedel av dagens utslepp.

Klimakuren skal oppfylle målet om å ta to tredeler av utsleppskutta heime. Saman med staten si finansiering av utsleppskutt i andre land, skal dette sørgje for at Noreg i 2020 har redusert utsleppa med 30 prosent i høve til 1990. Dette er eit steg på vegen mot å bli eit klimanøytralt land i 2030.

Fram til hausten 2009 skal ei rekke statlege fagmyndigheiter lage oppskrifter på ulike verkemiddel og tiltak. I tillegg til Oljedirektoratet deltek Noregs vassdrags- og energidirektorat, Vegdirektoratet, Statistisk sentralbyrå og Statens forureiningstilsyn (SFT, leiar gruppa). Myndigheitene involverer forskarar, næringsliv, miljøorganisasjonar og andre kunnskapsmiljø i arbeidet.

Faggruppa skal lage ei oversikt av verkemiddel og tiltak i november 2009. Denne oversikta  skal leggast fram for Regjeringa. Rapporten frå faggruppa skal vise fram eit mangfald av moglegheiter og skildre følgjer av desse. Så vert det opp til politikarane å velje kva ein vil gå vidare med.

SFT har i sine analyser av klimatiltak i 2005 og 2007 kome opp med ei rekke tiltak som kan bidra til å kutte klimagassutslepp innan alle sektorar. Det kan vere å fange karbondioksid frå industriutslepp, mindre forureinande bilar, gassferjer og overgang frå oljefyr til biovarme. Det kan også vere betre utnytting av energien i heimane, næringslivet, industrien og, ikkje minst, i oljeindustrien.

Målet er at rapporten blir det viktigaste grunnlaget når vurderingane av klimapolitikken og behova for endra verkemiddel etter planen vert lagt fram for Stortinget i 2010.

Oppdatert: 04.09.2009