Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Ny avtale med Norges geologiske undersøkelse

05.11.2009 Oljedirektoratet og Norges geologiske undersøkelse (NGU) har inngått ein samarbeidsavtale. Partane er samde om å utvikle samarbeid og felles prosjekt.

NGU-direktør Morten Smelror og oljedirektør Bente Nyland er nøgde med den nye avtalen. (Foto: Jan Høst)

NGU-direktør Morten Smelror og oljedirektør Bente Nyland er nøgde med den nye avtalen. (Foto: Jan Høst)

”OD har alltid hatt eit tett samarbeid med NGU. Avtalen legg til rette for at partane i enda større grad kan dele kunneskap og erfaring,” seier oljedirektør Bente Nyland.

OD og NGU er sterke kunnskapsetatar i geologiske fag, og begge arbeider med statlege oppgåver innanfor delvis dei same fagområda.

Den nye avtalen, som vart inngått 28. oktober, fastslår mellom anna at det årleg skal haldast minst eitt møte der dei øvste leiarane i institusjonane er med.

Avtalen omfattar samarbeidsprosjekt, samordning av data, internasjonalt samarbeid og kompetanseutvikling.

Oppdatert: 05.11.2009