Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

IO-konferanse hjå Oljedirektoratet

23.03.2010 Intelligente felt og integrerte operasjonar er tema når Norsk Petroleumforening (NPF) held konferanse hjå Oljedirektoratet 11. og 12. mai.

Integrerte operasjonar (IO), eller e-drift,  inneber å ta i bruk IKT-løysingar tufta på sanntidsdata for å integrere arbeidsprosessar på tvers av fag og mellom organisasjonar. Ved hjelp av e-drift kan operasjonar bli styrt uavhengig av avstand – til dømes mellom land og hav.

Ifølge NPF er IO inne i ein ny vår. Oljeselskapa, teknologien og tenesteleverandørane er komne langt dei siste fem åra – men det er meir å gå på. Endringsprosessane held fram, og det er viktig å dele erfaringar og lære av andre sine feil.

Informasjon om påmelding og program finst på NPF sin nettstad.


Kontaktperson i Oljedirektoratet:
Odd Tjelta, tlf. 51 87 67 90

Oppdatert: 23.03.2010