Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Samarbeider om CO2-lager

11.06.2010 Norske og britiske styresmakter har i fellesskap kartlagt mulegheitene for å bruke Nordsjøen til lager for karbondioksid. Rapporten var klar 9. juni.

Oljedirektoratet er ein av bidragsytarane til rapporten One North Sea – A study into North Sea cross-border CO2 transport and storage. Prosjektgruppa har rekna på kor stor lagringsplass som finst, og kor stort behovet vil vere. Dei har også sett på kva som skal til for å kunne deponere CO2 frå Europa – og kva tid dette behovet vil oppstå.

I rapporten peiker prosjektet mellom anna på kva industri og styresmakter kan gjere for å få plass gode rammer og ein infrastruktur for transport av CO2.

Europa kan ha behov for å lagre opptil 270 millionar tonn CO2 årleg frå i 2030, ifølge rapporten. Det  er 4,5 gonger meir enn det årlege utsleppet av CO2 i Noreg – medrekna all bilkøyring og transport.

Prosjektet anslår at halvparten av dei potensielle lagringsstadane for CO2 finst under Nordsjøen.

Det britiske konsulentselskapet Element energy har koordinert arbeidet med rapporten. Også tyske og nederlandske styresmakter har bidratt.

Oppdatert: 14.06.2010