Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

260 millionar til kunnskapsinnhenting i nord

06.10.2011 Statsbudsjettet for 2012 legg opp til ei brei satsing på å vidareutvikle olje- og gassverksemda i nord.

I forslaget til statsbudsjett for 2012 foreslår regjeringa til saman 84 millionar kroner til innsamling av seismikk i Nordland IV og V, kunnskapsinnhenting i det nordaustlege Norskehavet og konsekvensutgreiingar for Jan Mayen og Barentshavet søraust.

I tillegg er det i 2012 lagt opp til å bruke 100 millionar kroner til innsamling av seismikk ved Jan Mayen og 80 millionar kroner til seismikk i Barentshavet søraust. Satsinga er i stor grad ei oppfølging av forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten, som blei lagt fram i vår.

Kartlegginga gjer det mogleg å seie noko om ressursgrunnlaget i de to områda. Potensialet for petroleumsverksemd er ein viktig del av avgjerdsgrunnlaget når opning av områda skal vurderast. Det er og sett av pengar til utgreiing av konsekvensar av petroleumsverksemd i desse områda. Føresett at konsekvensutgreiingane gir grunnlag for det, vil regjeringa tilrå at områda blir opna for petroleumsverksemd. Sakene vil bli fremma for Stortinget.

Regjeringa ønskjer å styrke den allereie gode kunnskapen om petroleumsaktivitet i det nordaustlege Norskehavet på fleire område. I statsbudsjettet er det sett av 50 millionar kroner til seismikk i Nordland IV og V og løyvt pengar til ei kunnskapsinnhenting som skal omfatte uopna delar av Nordland IV, V, VI, VII og Troms II, med særlig fokus på samfunn og næring. Kunnskapen skal kunne brukast i ei eventuell konsekvensutgreiing om petroleumsverksemd etter petroleumslova og som grunnlag for neste oppdatering av forvaltningsplanen.

Regjeringa ønskjer også å legge til rette for kjøp av seismiske data som allereie er samla inn.

 

Oppdatert: 06.10.2011