Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Nominasjon av område for lagring av CO2

24.06.2011 Olje- og energidepartementet har invitert industrien til å nominere område i Nordsjøen og Norskehavet som kan vere eigna til leiting etter reservoar for lagring av karbondioksid (CO2).

Det er CO2 frå Mongstad og eventuelle andre kjelder i kombinasjon med Mongstad det er aktuelt å lagre i undergrunnen. Frist for nominasjonane er 4. oktober 2011.

Oljedirektoratet (OD) skal, på oppdrag frå Olje- og energidepartementet, gjere ei fagleg vurdering av dei nominerte områda. Vurderinga vil vere basert på arbeidet OD sjølv gjer i forhold til lagring av CO2.

OD har arbeidd med spørsmål knytt til fangst, transport og lagring i fleire år. Etter planen skal etaten overlevere eit atlas over aktuelle lagringsområde til OED ved utgangen av 2011.

Det er første gongen norske styresmakter legg opp til ein konsesjonsrunde for CO2-lagring på norsk sokkel. Eva Halland, OD sin koordinator for lagring av CO2 på norsk sokkel, er spent på interessa frå selskapa:

”Vi håper sjølvsagt at oljeselskapa engasjerer seg i dette,” fastslår ho.

Noreg har brei kompetanse og erfaring med lagring av CO2. Under havbotnen utanfor Noreg er det blitt lagra CO2 i ei årrekkje, først i Sleipnerområdet i Nordsjøen, seinare på Snøhvit i Barentshavet.    

Invitasjonen er send til alle operatørene på norsk sokkel, og han blir og kunngjort i Norsk Lysningsblad, slik at også andre interesserte selskap kan nominere område.

”Transport og lagring av CO2 frå Mongstad vil vere eit av dei første prosjekta av sitt slag der CO2 frå eit fullskala fangstanlegg blir transportert i røyr for lagring på kontinentalsokkelen. Eg vil legge til rette for at selskap som har opparbeidd seg tekniske kompetanse på området får moglegheit til å delta i prosjektet,” seier Borten Moe.

Nominasjonen frå selskapa vil vere ein del av grunnlaget når departementet skal gjere vurderingar  knytt til utlysning av område for undersøking og leiting etter undersjøiske reservoar for permanent lagring av CO2.

For meir informasjon, sjå Olje- og energidepartementet sin nettstad >>

 

Oppdatert: 06.07.2011