Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Nominer område for CO2-lagring

17.10.2011 Fem områder på norsk sokkel er nominert som egna for leting etter reservoarer til lagring av karbondioksid (CO2). Fleire selskap har meld si interesse til Olje- og energidepartementet.

”Det er veldig gledeleg at det er fleire selskap som viser interesse for lagring av CO2 på norsk sokkel,” seier Eva Halland, prosjektleiar og geolog i Oljedirektoratet.

Ho legg til at industrien kjenner norsk sokkel godt, og at det er ein viktig grunn til at selskapa sjølv er invitert til å peike ut aktuelle lagringsområde.

Fristen for å foreslå område gjekk ut  4. oktober. Invitasjonen blei send til alle operatørane på norsk sokkel i juni, samtidig blei han kunngjort i Norsk Lysningsblad slik at også andre kvalifiserte selskap kunne nominere område.

Olje- og energidepartementet ønsker å gi industrien tilgang til område for framtidig lagring av karbondioksid frå Mongstad-anlegget i Hordaland og eventuelle andre kjelder i kombinasjon med karbondioksid frå Mongstad. Det er også et mål at arbeidet skal bidra til meir kunnskap og generell innsikt om sikker lagring av karbondioksid.

Selskapa vart inviterte til å foreslå områder i Nordsjøen og Norskehavet, som er opne for petroleumsverksemd, der lagring av karbondioksid truleg ikkje vil kome i konflikt med petroleumsverksemd.

Oljedirektoratet skal ved utgangen av året presentere et atlas over mulige lagringsplassar for karbondioksid i Nordsjøen.

”På norsk sokkel har vi i dag god erfaring med lagring av CO2. Både  frå Sleipner Vest-feltet og frå Snøhvit-feltet blir i dag lagra CO2 i undersjøiske reservoar, ” seier Halland.

 

Oppdatert: 17.10.2011