Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Ny ressursrapport frå Oljedirektoratet

12.10.2011 I dag, 12. oktober, legg Oljedirektoratet fram rapporten Petroleumsressursene på norsk kontinentalsokkel 2011.

OD sin ressursrapport blir gitt ut annakvart år. Ressursrapporten 2011 gir ein oppdatert oversikt over ressursbiletet og aktivitetane på norsk sokkel. Rapporten belyser òg viktige utfordringar for norsk petroleumsverksemd.

Rett før sommaren la olje- og energiministeren fram Stortingsmelding nr. 28 – En næring for framtida – om petroleumsvirksomheten. Der blei det presentert eit offensivt bilete for framtida til norsk petroleumsverksemd. For at dette biletet skal bli ein realitet, må det satsast på fire område, noko OD sluttar seg til:

  • Utvinninga frå felt i produksjon må aukast
  • Drivverdige funn må byggast ut
  • Selskapa må leite i områder som er opne for petroleumsverksemd
  • Myndigheitene må opne nye område for petroleumsverksemd.

Det er gjort fleire store funn i Barentshavet og Nordsjøen i år. Desse funna understrekar at 2011 så langt har vore eit av dei mest interessante åra på norsk sokkel på lang tid, og dei støttar opp om regjeringa sitt framtidsbilete.

Dei nye funna ikkje er inkludert i statistikken som blir presentert i rapporten, ettersom alle ressurstala er oppdatert per 31. desember 2010.

Dei store oljefunna i Nordsjøen syner at TFO-ordninga (tildeling i førehandsdefinerte område) og endra leitepolitikk gir resultat. Lundin sitt funn 16/2-6 (”Avaldsnes”) blei gjort i eit område som blei tildelt i TFO 2009, og Statoil sitt funn 16/2-8 (”Aldous Major South”) blei gjort i et område som blei tildelt i Nordsjørunden i 2000 (forløparen til TFO-ordninga).

Funna i 2011 stadfester det OD har sagt lenge – nemleg at det framleis er store uoppdaga ressursar igjen på norsk sokkel. Ressursane som er igjen kan legge grunnlag for betydeleg produksjon og verdiskaping i mange tiår framover.

OD ventar at framtidig olje- og gassproduksjon kjem til å halde seg på same nivå som i dag dei neste ti åra, til tross for gradvis fall i produksjonen frå dei store oljefelta. Tiltak for auka utvinning og oppstart av produksjon frå funn bidrar til å oppretthalde produksjonen. Etter 2020 vil produksjon frå uoppdaga ressursar utgjere ein aukande del av forventa produksjon.

For dei nærmaste åra er usikkerheita i prognosen i stor grad knytt til produksjon av reservane. I tillegg er det usikkert når funn blir bygte ut og sette i produksjon og kor mykje dei vil produsere.

På lengre sikt aukar usikkerheita på grunn av at uoppdaga ressursar utgjer ein gradvis større del av forventa produksjon. Usikkerheita er sjølvsagt størst i dei områda som ennå ikkje er opna for petroleumsverksemd. Det også usikkert kva framtidig teknologiutvikling kan bidra med for å realisere ressursbasen på norsk sokkel.

Det er naturleg å tru at dei uoppdaga ressursane for Nordsjøen vil auke som følgje av funna 16/2-6 (”Avaldsnes”) og 16/2-8 (”Aldous Major South”). Funnsuksessen på norsk sokkel er svært høg i internasjonal målestokk. Stegvis utforsking, teknologisk utvikling og ny kunnskap gjer det meir sannsynleg å gjere nye funn. I 1980 var det gjort funn i rundt 25 prosent av leitebrønnane. I 2010 var det tilsvarande talet 55 prosent.

Men funna som blir gjort, er i snitt mykje mindre enn før. Internasjonal erfaring viser at dei største funna blir gjort tidleg i utforskingsfasen i ein ny petroleumsprovins, og at funnstørrelsen går gradvis ned. Slik er det også på norsk sokkel. 16/2-6 (”Avaldsnes”) og 16/2-8 (”Aldous Major South”) viser at det alltid vil vere unntak.

Sidan 1997 har den årlige ressurstilveksten lege under det årlige produksjonsnivået, men i 2011 vil ressurstilveksten frå funn igjen bli høgare enn produksjonen.

Hausten 2010 analyserte OD kor lønsamt det var å leite i perioden 2000-2010. Sjølv om funna på norsk sokkel i denne perioden var relativt små og leitekostnadene høge, viser analysen at leiteverksemda har tilført både selskapa og samfunnet store verdiar.

Statoil (inkludert tidlegare Hydro) står for meir enn halvparten av verdiane som er skapt gjennom leiting dei siste ti åra. Analysen viser også at dei ”nye selskapa”, altså selskap som har fått tildelt sitt første utvinningsløyve etter 1999, har gitt store bidrag. Dei to siste åra har dei nye selskapa stått for rundt halvparten av verdiskapinga frå leiting.

Ressurser i funn som ikkje er vedtatt utbygd per 31. desember 2010 utgjer fem prosent av dei totale forventa ressursane på norsk sokkel og ni prosent av dei attverande ressursane.

Denne Historia viser at dei fleste funn blir bygt ut, men at det kan ta tid. I snitt går det tolv år frå det blir gjort funn til produksjonen tek til (ledetid). Ledetida er vanlegvis lenger for gassfunn enn for oljefunn. Mindre funn krev i stor grad tilgang til ledig kapasitet i prosess- og transportanlegg for at utbygginga skal bli lønsam..

Sidan 2005 er 25 av 30 utbyggingar vedtatt bygt ut med brønnrammer. Slike løysingar har vore med på å auke lønnsomheita av utbygging. Dette gjeld særleg for små funn og funn på djupt vatn.  Produksjonen frå havbotnsbrønnar passerte produksjonen frå brønnar på faste innretningar i 2010. Dette er ein trend som truleg vil halde fram, ettersom funna blir stadig mindre.

I snitt blir meir enn halvparten av den opprinneleg tilstedeværende oljen i reservoarene liggande igjen etter dagens planar. Det er derfor viktig å fortsetta arbeidet for å auka utvinninga fra dagens felt. Injeksjon av vatn og gass har bidrege mykje til den høge oljeutvinninga på norsk sokkel. Injeksjon er særleg viktig for å auke oljeutvinninga. Gassinjeksjon gir i mange tilfeller ei betre oljedrenering enn vassinjeksjon.

Etter 2002 er det injisert meir gass i undervassbrønnar enn i brønnar på faste innretningar, og sidan 2004 er den totale gassinjeksjonen redusert. Mengda injisert vatn for trykkstøtte er redusert etter 2004. Dette heng mellom anna saman med ein stor reduksjon på Gullfaks og Draugen. Seinfaseprosjektet på Statfjord har også bidratt til reduksjonen.

Noko av nedgangen i injeksjon kan skyldast stengte injeksjonsbrønnar. På enkelte felt kan dette vere ein del av dreneringsstrategien, mens på andre felt kan injeksjonsbrønnar vere stengt i lengre periodar på grunn av mangel på vedlikehald. Injeksjonsbrønnar er eit langsiktig utvinningstiltak som er viktig for forsvarleg ressursforvaltning og langsiktig verdiskaping. Det er difor viktig at boring og vedlikehald av injeksjonsbrønnar blir prioritert.

Rettshavarane har sjølv identifisert boring og brønn som den mest effektive måten for å få ut meir olje frå  felt i drift på kort sikt. Boremåla blir stadig mindre. Vassproduksjonen aukaròg, slik at det blir produsert mindre olje per brønn. Det vil difor bli nødvendig å bore stadig fleire brønnar for å få ut eit gitt oljevolum.

Det blir bora færre utvinningsbrønnar no enn rundt år 2000, og planar om boring av nye brønnar blir utsett. Vi kan miste reservar dersom denne trenden held fram.

I tillegg til injeksjon og boring av brønner er det viktig at avanserte injeksjonsmetoder og ny teknologi utvikles og kvalifiseres gjennom felttester. Dette vil dette kunne auke utvinninga ytterligare.

OD er uroa av tendensen til at mange teknologiprosjekt og pilotforsøk blir forsinka eller blir kansellert. Fortsatt fokus på forskning, utvikling og implementering av ny teknologi vil vera avgjerande for framtidig verdiskaping frå norsk sokkel.

Tilgang på menneskelege ressurser og talent er også ein kritisk faktor. Derfor er det viktig at unge mennesker ser at virksomheten har eit langsiktig perspektiv og er verdt å satse på. Slik sett kan dei nye funna ha bidratt til å endre forestillingen om at verksemda er ein solnedgangsindustri!

I tillegg er det viktig med mot for å holde verdiskapinga på eit fortsatt høgt nivå. Å få mest mogleg ut av felt som allerede er i drift mens det fortsatt er infrastruktur på plass er avgjerande. Tett oppfølging fra styresmaktene har tidligare vist seg nyttig når viktige avgjerder skal tas. Det vil nok også vera viktig framover.

Samtidig er det avgjerande med rettshavarar som kombinerer vilje til å ta risiko med langsiktig tenkning, fagleg tyngde og kreativitet, og på den måten bidreg til å flytte grenser for kva som er mogleg å oppnå.

 

Oppdatert: 12.10.2011