Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Ny versjon av faktasidene

27.10.2011 Oljedirektoratet lanserer i dag, 27. oktober, ny versjon av faktasidene. Faktasider versjon 2 har betre funksjonalitet og inneheld meir informasjon enn dei gamle sidene.

OD har eit nasjonalt ansvar for data frå norsk kontinentalsokkel. OD sine data, oversikter og analysar utgjer eit viktig faktagrunnlag for olje- og gassverksemda.

Brukarane er hovudsakleg fagfolk i oljeselskap, journalistar, oljeanalytikarar og datasystem i oljeselskap.

Dei ”gamle” sidene – Faktasider versjon 1 – vart lansert på nettet i 1999. Sidene har hatt mykje trafikk, om lag 1000 brukarar per dag (eintydige IP-adresser), og tilbakemeldingane har vore gode,  seier Hans Stokka, prosjektleiar for Faktasidene versjon 2.

”Arbeidet med versjon 2 av faktasidene starta for fire år sidan. Prosjektet har vore svært arbeidskrevjande, og ti personar i Oljedirektoratet har vore med. Store mengder informasjon er blitt kvalitetskontrollert og presentert på ein ny måte,” seier han.

Ein tidlegversjon av dei nye sidene vart lansert i 2010. Denne har vore tilgjengeleg parallelt med dei Faktasider versjon 1. Ved årsskiftet kjem dei gamle sidene til å bli tatt bort.

Dei nye faktasidene inneheld fleire forbetringar. Navigeringa er blitt enklare  og det er nå mulig å lage lenker til alle stadar på nettstaden som ein kan sende på e-post til til dømes ein kollega. Det er også blitt lettare å laste ned og eksportere informasjon til andre system, som til dømes excel.

Dermed er det blitt lettare for selskapa å laste ned data frå faktasidene automatisk og få dei inn i deira eigne databasar. Her er formata CSV og XML mykje brukt.

Den nye versjonen av sidene har fått mykje betre metadata (data som skildrar andre data), og det gjer det lettare å finne den informasjonen ein er ute etter. Her er det skildringar av 1500 attributter på norsk og engelsk og informasjon av kva datatype som er brukt.

”Vi arbeider heile tida med å forbetre innhald og funksjonalitet på faktasidene. At vi nå har tatt i bruk nye teknologiplattformer, gjer det enklare å vedlikehalde og utvide sidene,” kommenterer Stokka.

Han understrekar at nettopp innspel og tips og frå brukarane har vore viktige i arbeidet med å utvikle ein ny versjon av faktasidene:

”Vi vil gjerne ha tilbakemeldingar på e-post (lenke til e-postadresse factweb@npd.no )  frå dei som brukar tenestene våre!” understrekar prosjektleiaren.

Oppdatert: 27.10.2011