Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

OD behandlar plan for utbygging av Hild - 30/7-6

23.01.2012 Oljedirektoratet har mottatt plan for utbygging og drift (PUD) for olje- og gassfunnet 30/7-6 Hild i Nordsjøen. Total er operatør for utbygginga.

Totale utvinnbare reservar i funnet er estimert til om lag 29 millionar kubikkmeter utvinnbare oljeekvivalentar. Totalt skal det investerast 25 milliardar kroner i Hild.

Rettshavarane ynskjer å bygge ut funnet med ei integrert brønnhovud-, bolig- og produksjonsinnretning med levetid på 30 år. Innretninga skal kunne fjernstyrast frå land (Stavanger via kabel frå Kollsnes), og ho skal etter planen få kraft frå land. Kraft frå land vil redusere CO2-utslepp med om lag 200-250 000 tonn i året, og om lag 2 millionar tonn i feltet si levetid.

Planen er at olja skal sendast gjennom eit røyr til eit innleidd lagerskip. Der skal olja prosesserast, før ho blir henta av skytteltankarar. Skipet, som etter planen skal få kraft frå produksjonsinnretninga, kan lagre inntil 620 000 fat olje.

Utvinningsstrategien er å utvinne gass og kondensat frå Hild Øst og olje frå Hild Olje først, utan trykkstøtte. I andre omgang skal oljereservane i Friggformsjonen (Hild Sentral og Hild Vest) fasast inn og utvinnast ved hjelp av gassløft.

Hild skal etter planen starte produksjonen i 2016.

Rettshavarar er Total (51 prosent), Petoro (30 prosent) og Statoil (19 prosent).

Planar for utbygging og drift (PUD) og planar for anlegg og drift (PAD) består av ein utbyggings- eller anleggsdel og ein konsekvensutreiingsdel. PUD/PAD skal sendast til OED og Arbeidsdepartementet (AD) med kopi til OD og Petroleumstilsynet (Ptil).

Ved PAD for gasstransport og –behandling, eller PUD kor behandling av transport av gass i røyr er inkludert, skal også Gassco ha ein kopi. Det er OED som samordnar behandlinga av planen. AD, OD og eventuelt Gassco gir si vurdering til OED, medan Ptil gir si vurdering til AD.

 

Oppdatert: 21.02.2012