Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

OD behandlar plan for utbygging av ”Luno” (16/1-8)

23.01.2012 Oljedirektoratet har mottatt plan for utbygging og drift (PUD) for olje- og gassfunnet 16/1-8 ”Luno” i Nordsjøen. Lundin er operatør for utbygginga.

Totale utvinnbare reservar i funnet er estimert til 29,1 millionar kubikkmeter oljeekvivalentar. Totale investeringar blir om lag 24 milliardar kroner. Etter planen startar produksjonen i 2015.

”Luno” ligg i den midtre delen av Nordsjøen, 180 kilometer vest for Stavanger.

Rettshavarane planlegg å bygge ut funnet med ei plattform for produksjon og prosessering av olje og gass. Olja skal etter planen skipast i røyr via Grane til Stureterminalen i Hordaland. Gassen blir anten send til Sleipner eller eksportert via det britiske røyrleidningssystemet.

”Luno”-innretninga legg til rette for ei samordna utbygging med ”Draupne”, som mest sannsynleg blir den neste utbygginga på Utsirahøgda. Andre funn i området kan etter kvart bli fasa inn til innretninga.

Rettshavarane har foreslått Grieg som nytt namn på ”Luno”. Olje- og energidepartementet vil i samråd med den nedsette namnegruppa fastsette det endelege namnet.

Rettshavare i ”Luno” er Lundin (50 prosent), Wintershall (30 prosent) og RWE Dea (20 prosent).

  • Les meir om 16/1-8 "Luno" her >>

 

Oppdatert: 21.02.2012