Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

OD behandlar plan for utbygging av Svalin - 25/11-16

15.06.2012 Oljedirektoratet har mottatt plan for utbygging og drift (PUD) for 25/11-16 Svalin i Nordsjøen.

Svalinfeltet ligg om lag seks kilometer sørvest for Graneinnretninga. Statoil er operatør med ein del på 57 prosent, dei andre rettshavarane er Petoro (30 prosent) og ExxonMobil (13 prosent). Totalt planlegg rettshavarane å investere 4,46 milliardar kroner i denne utbygginga.

Dei utvinnbare reservane er i Svalin er estimert til om lag 12 millionar standard kubikkmeter olje. Reservane er om lag likt delt mellom to førekomstar  – Svalin C og Svalin M.

Etter planen blir Svalin ei kombinert utbygging med tilknytning til Grane, der Svalin M blir produsert gjennom ein togreinsbrønn bora frå Graneinnretninga, medan Svalin C blir eit havbotnanlegg knytt opp til Grane gjennom eit seks kilometer langt produksjonsrøyr. Prosesserings- og eksportløysing blir etter planen felles.

Svalin C, som blei funne i 1992, skal etter planen setjast i produksjon i juni 2014. Svalin M blei funne i 2008, og produksjonsstart er planlagt til november 2013.

”I Sist veke mottok OD PUD for Bøyla. Denne veka har vi mottatt PUD for Svalin. Dei er begge gode eksempel på mindre utbyggingar fasa inn mot eksisterande infrastruktur. Dette bidrar både til gode områdeløysingar og god utnytting av infrastruktur. Begge deler er viktig for OD,” seier Kjetil Aasoldsen, direktør i Oljedirektoratet med ansvar for Nordsjøen sør.

Deltakarane i det samordna Granefeltet, der Statoil er operatør, eig anlegga.

Etter planen skal Svalin-olja transporterast saman med Granes eigen produksjon i den eksisterande røyrleidningen frå Grane for lagring og utskiping frå oljeterminalen på Sture. Gasskompresjonsanlegget på Graneinnretninga vil bli modifisert for å kunne handtere gass frå Svalin. I tillegg skal måleanlegget oppgraderast.

Rettshavarane forventar at feltet kan produsere fram til 2030.

Planar for utbygging og drift (PUD) og planar for anlegg og drift (PAD) består av ein utbyggings- eller anleggsdel og ein konsekvensutreiingsdel. PUD/PAD skal sendast til OED og Arbeidsdepartementet (AD) med kopi til OD og Petroleumstilsynet (Ptil).

Ved PAD for gasstransport og –behandling, eller PUD kor behandling av transport av gass i røyr er inkludert, skal også Gassco ha ein kopi. Det er OED som samordnar behandlinga av planen. AD, OD og eventuelt Gassco gir si vurdering til OED, medan Ptil gir si vurdering til AD.

 

Oppdatert: 21.06.2012