Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Oljedirektøren i ekspertgruppe for betre riggkapasitet

06.01.2012 Oljedirektør Bente Nyland er med i ei ekspertgruppe som skal identifisere faktorar som avgrensar riggkapasiteten på sokkelen. Gruppa skal også foreslå tiltak som kan betre flyten av riggar.

Det er Olje- og energidepartementet som har sett ned ekspertgruppa, som består av ressurs- og tryggingsmyndigheitene, arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane, olje- og riggselskap og analysemiljø.

Eivind Reiten leiar gruppa, som elles består av Bente Nyland, Magne Ognedal, Frode Alfheim, Gro Brækken, Jon Jacobsen, Tore Holm, Dag Omre, Jakob Korsgaard, Kristin Færøvik, Whenche Nistad og Mimi Berdal.

Dei fleste boringane på norsk sokkel blir i dag gjort frå flyttbare fartøy, og bruken av desse aukar. Manglande tilgang på borekapasitet gjer det vanskelegare å realisere tidskritiske ressursar.

”God tilgang på borerigg er viktig for å kunne realisere petroleumspotensialet på norsk sokkel,” kommenterer oljedirektør Bente Nyland.

Forslaget om en ekspertgruppe blei lansert i stortingsmelding 28 (2010-2011), En næring for framtida – om petroleumsvirksomheten. Meldinga presenterer ein politikk for å realisere petroleumspotensialet på norsk kontinentalsokkel. Arbeidet til gruppa skal bidra til å avgrense kostnadene og auke lønsemda ved boring på norsk sokkel.

Les pressemeldinga frå Olje- og energidepartementet her >>

Oppdatert: 21.02.2012