Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Stor interesse for seismikkdata frå Lofoten og Vesterålen

09.01.2012 Sju oljeselskap har kjøpt Oljedirektoratets seismikkpakke frå Lofoten og Vesterålen, og fleire har vist interesse for å kjøpe.

Dei sju oljeselskapa som har kjøpt seismikkpakken er Statoil, ExxonMobil, Norske Shell, RWE Dea Norge, GDF Suez, Dong Energy og Det norske oljeselskap.

Prisen på seismikkpakken er 43,2 millionar kroner pluss moms.

”Eg er godt nøgd med responsen på tilbodet om å kjøpe seismikk. Det er tydelig at selskapa synes dette er interessant,” seier leitedirektør Sissel Eriksen i Oljedirektoratet.

Oljedirektoratet samla inn seismikk utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja på oppdrag frå regjeringa mellom 2007 og 2009. Undersøkingane kosta totalt 420 millionar kroner.

Les meir om salet av seismikkpakkane her >>

Oppdatert: 21.02.2012