Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Behandlar plan for utbygging av Dagny - 15/5-1

14.01.2013 Oljedirektoratet har mottatt plan for utbygging og drift (PUD) for olje- og gassfunnet Dagny i Nordsjøen. Statoil er operatør for utbygginga.

Dagny ligg i den midtre delen av Nordsjøen, om lag 30 kilometer nordvest for Sleipner A-innretninga og om lag 230 kilometer vest for Stavanger.

Dei totale utvinnbare reservane er estimert til 17,0 millionar standard kubikkmeter (Sm3) olje og kondensat, 12,5 milliardar Sm3 gass og 3,3millionar tonn NGL.

Reserveestimatet føreset start av gassinjeksjon ved årsskiftet 2017/2018.

Totale investeringar blir om lag 30 milliardar kroner. Etter planen skal Dagny produsere frå første kvartal 2017.

Dagny skal etter planen byggast ut med i botnfast innretning. Gassen skal eksporterast via Sleipner. Olja skal lagrast i lagerskip og eksporterast frå feltet med tankskip.

Innretninga vil kunne få kraft frå land, men det blir lagt opp til eigen kraftproduksjon fram til kraft frå land er tilgjengeleg i området.

Dagny-funnet er omfatta av utvinningsløyva 029B, 029C, 048 og 303. Rettshavarane i Dagny er Statoil, Total og Det norske.

 

Oppdatert: 14.01.2013