Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Behandlar plan for utbyggingsplaner for Aasta Hansteen

10.01.2013 Oljedirektoratet har mottatt plan for utbygging og drift (PUD) for gassfunnet Aasta Hansteen i Norskehavet og plan for anlegg og drift (PAD) gasstransportsystemet Polarled.

Statoil er operatør for Aasta Hansteen og for Polarled i utbyggingsfasen.

Aasta Hansteen blei påvist i 1997, og ligg om lag 320 kilometer vest for Bodø. Hansteen blir det nordlegaste feltet som blir bygt ut til no i Norskehavet, og kan bli framtidig feltsenter for andre funn i området.

Dei totale utvinnbare reservane i Aasta Hansteen er estimert til 45,4 milliardar standard kubikkmeter (Sm3) gass og 0,9 millionar Sm3 kondensat. Etter planen skal produksjonen starte i 2017.

Rettshavarane ynskjer å bygge ut Aasta Hansteen med eit flytande feltsenter, ei såkalla Spar-innretning. Storleiken på funna, det store havdjupet og avstanden til andre felt er viktige kriterium for val av løysing. Dei totale investeringane i utbygginga av feltet er estimert til 30 milliardar kroner.

Gassen frå Aasta Hansteen skal fraktast gjennom den 480 kilometer lange røyrsystemet Polarled til landanlegget i Nyhamna i Møre og Romsdal. Etterkvart skal gass frå framtidige feltutbyggingar i Norskehavet også eksporterast via røyrsystemet. Polarled skal etter planen vil vere i drift frå 2016.

Prosjektet omfattar også utvidingar på anlegget i Nyhamna og tilknytting til røyrsystemet Åsgard transport ved Kristinfeltet. Dei totale investeringane i Polarled og tilknyttingsrøyr er estimert til 28 milliardar kroner.

Rettshavarane i Aasta Hansteen er Statoil (75 prosent), OMV (Norge) (15 prosent) og ConocoPhillips (10 prosent).

 

Oppdatert: 10.01.2013