Plan for ny utbygging - 6406/3-8

05.05.2015 Oljedirektoratet mottok i dag, 5. mai, plan for utbygging og drift (PUD) for oljefunnet Maria.

Kalmar Ildstad, underdirektør for utbygging og drift Norskehavet og Alv Bjørn Solheim, viseadministrerende direktør og teknisk direktør i Wintershall.

Kalmar Ildstad, underdirektør for utbygging og drift Norskehavet og Alv Bjørn Solheim, viseadministrerende direktør og teknisk direktør i Wintershall.
 
(Foto: Arne Bjørøen)


Maria-funnet, som ligg i blokkene 6407/1 og 6406/3 på Haltenbanken i Norskehavet, er Wintershalls første eigenopererte utbyggingsprosjekt. Funnet er estimert til å innehalde rundt 28,1 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar, for det meste olje med noko assosiert gass og våtgass (NGL).

Maria ligg 230 kilometer frå land. Vassdjupet i området er 300 meter, og reservoaret ligg rundt 3800 meter under havflata.

Utvinningsløyve 475BS vart tildelt i TFO 2008. Funnet blei gjort ved boring av brønn 6406/3-8 T2 i 2010. Rettshavarane legg opp til at produksjonen skal starte i fjerde kvartal 2018.

 

Utbyggingsløysning for Maria

Utbyggingsløysing for Maria


Etter planen skal Maria byggast ut med eit undervass produksjonsanlegg som består av to brønnrammer, begge med plass for boring og komplettering av opp til fire brønnar. Det skal borast to produsentar og ein vassinjeksjonsbrønn frå kvar brønnramme ved bruk av ei halvt nedsenkbar boreinnretning.

Produksjonsanlegget skal koplast opp mot eksisterande infrastruktur i området.

«Utbyggingsløysinga er spesiell fordi så mange som fire vertar, eller andre innretningar, er involvert. Statoil, som er operatør for desse, har samarbeidd nært om utbygginga med Wintershall. Oljedirektoratet forventer at realisering av ressursane i Maria vil skape meirverdi for alle involverte aktørar, og ikkje minst for det norske samfunnet,» seier Kalmar Ildstad, underdirektør for utbygging og drift Norskehavet.

Brønnstrømmen fra Maria blir sendt til Kristin-plattformen for prosessering og måling. Den stabiliserte olja vil så bli send til produksjons- og lagerskipet Åsgard A for lagring og lossing til skytteltankarar. Rikgassen skal etter planen eksporterast via røyrsystemet Åsgard Transport til Kårstø i Rogaland.

Gass for gassløft av brønnane vil komme frå Åsgard B-plattformen via eksisterande gassrøyr til brønnramma Tyrihans D på Tyrihans-feltet. Her skal røyret for løftegass for Maria bli kopla til. Vatn som skal brukast til trykkstøtte skal leverast frå Heidrun-plattforma.

Oljedirektoratet er pådrivar for at selskapa på sokkelen skal satse på gode områdeløysningar og effektiv utnytting av eksisterande infrastruktur:

«Dette er ei utbygging som stiller store krav til samarbeid på tvers av utvinningsløyva. Skal vi lukkast med å realisere størst mogleg samfunnsmessige verdiar av olja og gassen på norsk sokkel i tida framover, er vi avhengige av vilje både hjå utbyggar og vert til å få til denne type løysingar,» seier Ildstad.

Wintershall Norge AS er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS med 30 prosent og Centrica Resources (Norge) AS med 20 prosent. 

Geografisk plassering av Maria-feltet

Geografisk plassering av Maria-funnet.

 

Lenke til Olje- og energidepartementet: 

Oppdatert: 18.12.2015

Siste nyheter

Tørr brønn nær Snorrefeltet i Nordsjøen – 33/6-5 S
27.10.2021 Neptune Energy Norge AS, operatør for utvinningstillatelse 882, har avsluttet boring av undersøkelsesbrønn 33/6-5 S.
Boreløyve for brønn 6407/9-13 i utvinningsløyve 1060
22.10.2021 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 6407/9-13, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Tørr brønn sørøst for Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen – 17/8-1
22.10.2021 Lundin Energy Norway AS, operatør for utvinningstillatelse 976, er i ferd med å avslutte boring av undersøkelsesbrønn 17/8-1.
Boreløyve for brønn 36/1-4 S i utvinningsløyve 885
21.10.2021 Oljedirektoratet har gitt Wellesley Petroleum AS boreløyve for brønn 36/1-4 S, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Produksjonstal september 2021
20.10.2021 Førebels produksjonstal i september 2021 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 022 000 fat olje, NGL og kondensat.
Boreløyve for brønn 24/12-7 i utvinningsløyve 1041
18.10.2021 Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 24/12-7, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Lite olje- og gassfunn nær funnet 7122/6-1 (Tornerose) i Barentshavet – 7122/6-3 S
13.10.2021 Vår Energi AS, operatør for utvinningstillatelse 901, har avsluttet boring av undersøkelsesbrønn 7122/6-3 S.
Tørr brønn nær Solveigfeltet i Nordsjøen – 16/4-12
08.10.2021 Lundin Energy Norway AS, operatør for utvinningstillatelse 981, er i ferd med å avslutte boring av undersøkelsesbrønn 16/4-12.
Konsekvensutredning i forbindelse med åpningsprosessen for mineralvirksomhet
07.10.2021 Regjeringen har satt i gang en åpningsprosess for mineralvirksomhet på norsk sokkel. Olje- og energidepartementet som har forvaltningsansvaret for havbunnsmineraler, vil lede arbeidet med åpningsprosessen.
25 års erfaring med trygg og sikker CO2-lagring
30.09.2021 Karbonfangst og -lagring (CCS) er i vinden. Oljedirektør Ingrid Sølvberg deltok nylig i en paneldebatt på Norge-EU Energikonferansen for å fortelle om trygg og sikker lagring av CO2 på norsk sokkel.