Oljedirektoratet

OED får ansvaret for mineralførekomstar på sokkelen

11.05.2017 Den 1. april overtok Olje- og energidepartementet forvaltningsansvaret for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen.

Dette blei vedtatt i statsråd 31. mars. Forvaltningsansvaret var varsla på førehand.

Som fagdirektorat under Olje- og energidepartementet kjem også Oljedirektoratet til å få nye oppgåver som følgje av at forvaltaransvaret blei overført.

Fram til no har dette forvaltningsansvaret vore hjå Nærings- og fiskeridepartementet.  Årsaken til overføringa er at Olje- og energidepartementet har lang erfaring med regulering og forvaltning på kontinentalsokkelen.

Til no har norske havområde i liten grad vore utforska med sikte på mineralførekomstar, og gjeldande lovverk er ikkje utforma for slik aktivitet. Styresmaktene arbeider difor med utkast til ei ny, moderne lov om mineralutvinning på kontinentalsokkelen. Denne blei sendt på offentleg høyring i går, 10. mai.

«OD er ein etat med mykje kunnskap om geologien på sokkelen, så dette er ei oppgåve som passar godt for oss. Vi gler oss til å ta fatt på denne jobben,» seier leitedirektør Sissel Eriksen.

OD har kartlagt petroleumspotensialet på norsk sokkel i mange år, og dette arbeidet har gitt ein del kunnskap om andre ressursar:

«Gjennom arbeidet med å kartleggje sokkelens yttergrenser, og særleg kartlegginga av havområda rundt Jan Mayen, har vi undersøkt og tatt prøvar av mineralar på havbotnen. Dette har vi gjort samtidig som vi har henta inn prøvar for å kunne vurdere potensialet for å finne olje og gass,» seier Eriksen.

Mineral på havbotnen som er økonomisk interessante ligg på store havdjup, frå 1500 til 3000 meter, og i område der det ikkje finst olje eller gass.

Mineralar på havbotnen kan delast inn i to grupper: sulfidmineralar langs spreiingsryggar og jern-manganskorper på bart fjell på havbotnen. Det er jernmanganskorpene OD har samla inn nokre av, og kjemiske analysar syner lovande resultat med tanke på «grøne mineralar», det vil seie metall som er viktige innan moderne kommunikasjonsteknologi og vindkraft.

«Sjølv om OD har kartlagt og tatt prøvar, har vi så vidt pirka i overflata. Vi har store oppgåver framføre oss der vi må bruke geofysiske målingar og ta prøvar av havbotnen med fjernstyrte undervassfarty (ROV, remotely operatet vehicle),» seier leitedirektøren.

OD har tidlegare hatt eit godt samarbeid med Universitetet i Bergen med bruk av denne teknologien.

«Elles er jo dette heilt nytt for oss – no må vi skaffe oss ei oversikt over kva den nye oppgåva betyr og korleis ho kan tilpassast ODs organisasjon,» seier Eriksen til slutt.

 

Manganskorpe på Vøringutstikkeren, der det blei henta opp prøve i 2013. (Foto: Oljedirektoratet)

Manganskorpe på Vøringutstikkeren, der det blei henta opp prøve i 2013.
(Foto: Rolf Birger Pedersen, Universitetet i Bergen)


Oppdatert: 29.09.2017

Siste nyheter

Sokkeldirektoratet publiserer nye dyphavsdata
17.04.2024 Sokkeldirektoratet offentliggjorde i juni 2022 data innsamlet fram til 2022. Nå frigis dyphavsdata samlet inn fra 2022 til 2024.
Fremtiden i Barentshavet er her nå
17.04.2024 Johan Castberg-skipet er snart på vei nordover. Med det på plass er det etter planen tre felt i produksjon i Barentshavet innen utgangen av året.
Oljefunn i Nordsjøen
17.04.2024 Vår Energi har gjort et oljefunn i «Ringhorne Nord» (brønn 25/8-23 S og 25/8-23 A & B), nord for feltet Ringhorne Øst, 200 kilometer nordvest for Stavanger.
Inngår samarbeid med Grønland og Danmark om havbunnsmineraler
15.04.2024 Samarbeidet gjelder en intensjonsavtale som skal øke kunnskapen om havbunnsmineraler.
Vi trenger flere reservoaringeniører
12.04.2024 Vi søker etter senior reservoaringeniør/reservoaringeniører til å arbeide med utvinningstillatelser i lete-, utbyggings- og driftsfasen.
Vil du jobbe som kommunikasjonsrådgiver hos oss?
10.04.2024 Vi har nå ledig stilling som kommunikasjonsrådgiver. I jobben bidrar du til at fakta, analyser og kunnskap om ressursene og mulighetene på norsk sokkel når fram til ulike målgrupper.
Ledig stilling som petroleumsøkonom
09.04.2024 Vi har nå ledig stilling som petroleumsøkonom. I jobben bidrar du i vårt viktige analysearbeid som skal sikre at ressursene på norsk sokkel utnyttes best mulig og bidrar til verdiskaping for samfunnet.
Boreløyve for brønnbane 35/11-27 S
03.04.2024 Sokkeldirektoratet har gitt Wintershall Dea Norge AS boreløyve for brønnbane 35/11-27 S i utvinningsløyve 248, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Havbunnsmineraler steg for steg
25.03.2024 Havbunnsmineraler representerer en ny og spennende mulighet for Norge. Vi kan bli et foregangsland – slik vi har vært det innen olje- og gassnæringen, både innen forvaltning av ressurser og utvikling av teknologi.
Boreløyve for brønn 24/6-5
25.03.2024 Sokkeldirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 24/6-5 i utvinningsløyve 203, jf. ressursforskrifta paragraf 13.