Mineraltoktet vel i hamn

tokt1

Her er borekjernen på veg opp på dekk.

09.10.2020 Oljedirektoratet (OD) har igjen jakta mineral på havbotnen – denne gongen med hjelp av ny teknologi, iallfall i denne samanhengen.

Med fartøyet Island Valiant har OD vore på eit fem veker langt tokt på Mohnsryggen nordvest i Norskehavet. Tidlegare i veka la fartyet til kai på Hareid på Sunnmøre etter vellukka tokt.

På toktet har operatøren TIOS gjennomført boreoperasjonar på 3000 meter havdjup for å ta prøvar av mineralførekomstar.  Dei siste åra har OD vore på fleire kartleggingstokt, både i samarbeid med Universitetet i Bergen og på eigen kjøl.

Med hjelp av detaljerte data og prøvar frå havbotnen er det påvist fleire mineralførekomstar.

I desse førekomstane finst det metall og mineral som er viktige for mellom anna batteriteknologi, vindturbinar og mobiltelefonar.

Mohnsryggen er ein oseansk spreiingsrygg som skil to jordskorpeplater, og føremålet med dette toktet var å gjere undersøkingar under havbotnen med å bore grunne hol i mineralfelta og å teste ut boreteknologien på så store havdjup.

Oljedirektoratet er fagdirektorat også for mineral på havbotnen, og har fått i oppdrag av Olje-og energidepartementet å kartleggje og påvise mineralførekomstar i djuphavet. 

Banebrytande operasjonar

Boreoperasjonane blei gjort på meir enn 3000 meter djupt vatn med kveilerøyr, dette er ein samanhengande borestreng som er kveila på rull. I tillegg til TIOS har Island Offshore, Halliburton og Oceaneering vore sentrale for prosjektet. 

«Dette er eit ekte pionertokt», seier leitedirektør Torgeir Stordal i OD.

«Det er første gong det er nytta kveilerøyrteknologi på så store havdjup, og det er første gong slik boreteknologi blir brukt til utforsking av mineral på havbotnen».

«Sidan dette er upløgd mark, var vi ikkje sikre på om det ville fungere. Det har det gjort. Vi har tatt mange prøvar som blir nyttige i arbeidet framover», legg han til.

«Kompetanse som norsk industri har opparbeidd seg etter 50 års erfaring frå petroleumsbransjen gjorde at dette nybrottsarbeidet blei vellukka. Norsk teknologi og kompetanse banar veg også på dette området, og viser at vi er leiande innanfor utforsking av mineral på havbotnen».

Skal analysere

Dette er tredje gong OD utfører eigne operasjonar på djupt vatn for å kartleggje potensialet for mineral på havbotnen, og innsamla data og prøvemateriale skal nå analyserast.

«Resultata blir ein viktig del av grunnlaget for å vurdere kor store mengder mineral som finst i desse områda. Dette er ei oppgåve Olje- og energidepartementet har bede OD om å utføre», seier oljedirektør Ingrid Sølvberg.

skorstein2.jpg

Sulfidskorsteinar frå et utdøydd felt i eit område kalla Mohnsskatten.

Kontakt
Eldbjørg Vaage Melberg

Tlf: +47 51 87 61 00

Oppdatert: 13.10.2020

Siste nyheter

Fire selskap får tilbud om areal for lagring av CO2
31.03.2023 I dag har fire selskap fått tilbud om letetillatelse til lagring av CO2 i to arealer i Nordsjøen. Selskapene er Aker BP, OMV, Wintershall Dea og Stella Maris CCS.
ODs teknologidag: No er programmet klart
24.03.2023 Har du hugsa å melde deg på ODs teknologidag i Stavanger 7. juni? 
Tørr brønn nær Visundfeltet i Nordsjøen
24.03.2023 Equinor Energy AS, operatør for utvinningsløyve 554, har avslutta boring av undersøkingsbrønn 34/6-6 S.
Produksjonstal februar 2023
21.03.2023 Førebels produksjonstal i februar 2023 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 994 000 fat olje, NGL og kondensat.
Olje- og gassfunn nær Framfeltet i Nordsjøen
14.03.2023 Equinor Energy AS, operatør for utvinningsløyve 827S, har avslutta boring av undersøkingsbrønn 35/10-9 på Heisenbergprospektet.
Ny datatype i Diskos: Multi-gigapiksel palynologiske preparat
13.03.2023 Oljedirektoratets digitaliseringsprosjekt Avatara-p har produsert over 30 000 digitale palynologiske preparat frå 284 frigitte brønnar. Dette stadig veksande datasettet på 57 terabyte er no tilgjengeleg i Diskos.
Boreløyve for brønnbane 6406/5-2 S.
13.03.2023 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 6406/5-2 S, jf. ressursforskriften paragraf 13.
Boreløyve for brønnbanene 31/2-23 S og 31/2-23 A
08.03.2023 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbanene 31/2-23 S og 31/2-23 A, jf. ressursforskriften paragraf 13.
Fem selskaper har søkt om areal for CO2-lagring
06.03.2023 Olje- og energidepartementet (OED) har mottatt søknader fra fem selskaper i forbindelse med utlysningen av et område i Nordsjøen knyttet til lagring av CO2 på norsk sokkel.
Oljefunn nær Goliatfeltet i Barentshavet
02.03.2023 Vår Energi ASA, operatør for utvinningstillatelse 229, har avsluttet boring av undersøkelsesbrønn 7122/8-1 S.